YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 40

40
Gledebod til Jerusalem
1 # 35,3f; 49,13 Trøyst,
trøyst mitt folk,
seier dykkar Gud.
2 # Job 7,1; Jer 16,18; Klag 4,22; Hos 2,14 Tal til Jerusalems hjarte
og rop til henne
at hennar strid er fullført,
at hennar skuld er betalt,
at ho har fått dobbelt av Herrens hand
for alle sine synder.
3 # Mark 1,3; Luk 1,76 Ei røyst ropar:
Rydd Herrens veg i ørkenen,
jamn ut i øydemarka
ein veg for vår Gud!
4 # 42,16 Kvar dal skal hevast,
kvart fjell og kvar haug
skal senkast.
Bakkete land skal bli til slette
og kollane til flat mark.
5 # 60,1f; Joh 1,14; 2,11 Herrens herlegdom
skal openberra seg,
alle menneske skal saman sjå det.
For Herrens munn har tala.
6 # Sal 90,5ff; 103,15f; Jak 1,10f; 1 Pet 1,24f Ei røyst seier: «Rop ut!»
Eg seier: «Kva skal eg ropa?»
«Alle menneske er gras,
all deira truskap
er som blomen på marka.
7Graset tørkar bort, blomen visnar
når Herrens ande blæs på han.
Sanneleg, folket er gras.
8 # Sal 119,89; Matt 5,18; Luk 16,17; 21,33 Graset tørkar bort, blomen visnar,
men ordet frå vår Gud står evig fast.»
9 # 41,10f.27; 43,5; 52,7; Nah 2,1 Gå opp på eit høgt fjell,
du Sions gledebod!
Lyft di røyst med kraft,
Jerusalems gledebod!
Lyft di røyst, ver ikkje redd!
Sei til byane i Juda:
«Sjå, dykkar Gud!»
10 # 62,11 Sjå, Herren Gud
kjem med styrke,
han herskar med sin arm.
Sjå, løna hans er med han,
dei han vann, er framfor han.
11 # Sal 23,1ff; Esek 34,11ff; Luk 15,4ff; Joh 10,11ff Han gjeter flokken sin
som ein gjetar.
Han samlar lamma med armen,
lyfter dei opp i fanget,
leier søyene.
Ingen er som Gud
12 # Job 38,5ff+; Jes 48,13 Kven kan måla opp vatnet i si hole hand,
måla himmelen med utspente fingrar?
Kven kan samla støvet på jorda i eit mål,
vega fjella med vekt
og haugane på vektskåler?
13 # Jer 23,18; Rom 11,34; 1 Kor 2,16 Kven kan måla Herrens ande
og gjera sitt råd kjent for han?
14Kven har han samrådd seg med
som kunne gje han forstand,
læra han rettens veg,
læra han kunnskap
og visa veg til innsikt?
15 # 42,10 Sjå, folkeslaga er
som ein drope i eit spann,
som eit støvkorn på vektskåla
blir dei rekna.
Sjå, fjerne kystar veg han som støv.
16Sjølv Libanon har ikkje ved nok
og ikkje dyr nok til brennoffer.
17 # 40,23; 41,11f.24.29 Alle folkeslag er ingenting for han,
som eit tomt ingenting
reknar han dei.
18 # 46,5ff; Apg 17,29 Kven vil de likna Gud med,
kva kan de setja opp som liknar på han?
19 # Dom 17,4; Jes 44,10ff; 46,6 Eit gudebilete?
Ein handverkar støyper det,
ein gullsmed kler det med gull
og smir sølvkjeder til det.
20 # Jer 10,3ff Eit vigsla morbærtre blir valt ut,
eit tre som ikkje morknar.
Ein dyktig handverkar blir leita opp,
for det skal reisast eit gudebilete
som ikkje vaklar.
21 # Rom 1,19f Veit de ikkje?
Høyrer de ikkje?
Er det ikkje fortalt dykk
frå opphavs tid?
Har de ikkje skjøna det
frå jorda vart grunnlagd?
22 # Sal 104,2; Jes 42,5; 44,24; 45,12 Han tronar over jordkrinsen,
og dei som bur der, er som grashopper.
Han breier himmelen ut som eit slør
og spenner han ut som eit telt til å bu i.
23Han lèt fyrstar bli til inkje,
herskarane på jorda til tomt ingenting.
24Knapt er dei planta, knapt er dei sådde,
knapt har dei røtt seg i jorda,
før han blæs på dei så dei visnar
og stormen ber dei bort som halm.
25«Kven vil de likna meg med,
kven er eg lik?» seier Den heilage.
26 # Sal 147,4; Jes 34,4 Lyft auga mot det høge og sjå:
Kven har skapt alt dette?
Han som tel stjernehæren,
fører dei ut
og kallar dei alle ved namn.
Hans kraft er så stor og hans styrke så veldig
at ikkje éin skal mangla.
27 # 49,14 Kvifor tenkjer du, Jakob,
kvifor seier du, Israel:
«Min veg er løynd for Herren,
min Gud bryr seg ikkje om min rett»?
28 # Job 5,9; Sal 145,3; Jes 42,5; 44,24; 45,12; Rom 11,33ff Veit du ikkje, har du ikkje høyrt?
Herren er den evige Gud
som skapte endane av jorda.
Han blir ikkje trøytt og ikkje sliten,
ingen kan utforska hans forstand.
29Han gjev den trøytte kraft,
og den som ikkje har krefter,
gjev han stor styrke.
30Gutar blir trøytte og slitne,
unge menn snublar og fell.
31 # Sal 25,3; 42,6; Klag 3,25 Men dei som ventar Herren,
får ny kraft,
dei lyfter vengene som ørna,
dei spring og blir ikkje slitne,
dei går og blir ikkje trøytte.

Currently Selected:

Jesaja 40: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy