YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 39

39
Sendeboda frå kongen av Babel
1 # 2 Kong 20,12ff; 2 Krøn 32,31 På den tid sende Babel-kongen Merodak Baladan, son til Baladan, brev og gåver til Hiskia. For han hadde høyrt at han hadde vore sjuk, men no hadde vorte frisk att. 2Hiskia vart glad då sendeboda kom. Han viste dei huset der han hadde skattane sine, sølvet og gullet, parfymen og den finaste oljen, våpenhuset og alt som fanst i skattkammera hans. Det var ikkje den ting i heile hans slott og rike som Hiskia ikkje viste dei.
3Då kom profeten Jesaja til kong Hiskia og spurde han: «Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå?» «Dei kom til meg frå eit land langt borte», svara Hiskia, «frå Babel.» 4«Kva fekk dei sjå i slottet ditt?» spurde profeten. Hiskia svara: «Alt det som finst i slottet, fekk dei sjå. Det var ikkje den ting i skattkammera mine som eg ikkje viste dei.»
5Då sa Jesaja til Hiskia: «Høyr ordet frå Herren over hærskarane: 6#Jer 20,5 Sjå, dagar skal koma då alt det som er i slottet ditt, det som fedrane dine har samla til denne dag, skal førast bort til Babel. Ingen ting skal bli att, seier Herren. 7Dei skal ta nokre av sønene dine, av dei som stammar frå deg, og som du er opphav til, og gjera dei til hoffmenn i slottet til kongen av Babel.» 8#1 Sam 3,18; 2 Kong 22,20 Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Men han sa til seg sjølv: «Freden er nok trygg så lenge eg lever!»

Currently Selected:

Jesaja 39: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy