YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 21

21
Babel fell
1 # 14,22f; 47,1ff # 21,1 ørkenen ved havet Babel. Bodskap om ørkenen ved havet.
Som stormen fer gjennom Negev,
slik kjem det frå ørkenen,
frå landet der redsle rår.
2Eit hardt syn har eg fått sjå:
Svikarar svik, hærmenn herjar.
«Fram, du Elam! Til åtak, du Media!
Kvart sukk gjer eg ende på.»
3 # 13,8+ Difor rykkjer det i hoftene mine,
rier tek meg som hos ei fødande kvinne.
Eg er så forvirra at eg ikkje kan høyra,
så redd at eg ikkje kan sjå.
4Mitt hjarte går seg vill,
eg skjelv av redsle.
Kvelden, som var min lengt,
er no min skrekk.
5 # 2 Sam 1,21; Dan 5,1ff Dei dekkjer bord, dei breier ut teppe,
dei et og drikk.
«Opp, hovdingar, smør skjoldet!»
6 # 2 Kong 9,17 For så sa Herren til meg:
«Set ut ein vaktpost!
Det han ser, skal han melda!
7Ser han eit tog med hestespann,
eit tog med esel, eit tog med kamelar,
då skal han lytta, lytta og lytta!»
8 # Hab 2,1 Og vaktmannen ropa:
«Herre, dagen lang står eg på vakt,
eg er på min post kvar einaste natt.
9 # Jer 51,8; Op 14,8; 18,2.10 Sjå, der kjem eit tog av vogner
med folk og hestespann.»
Så tok han til ords og sa:
«Fallen, fallen er Babel!
Alle gudebileta i byen
ligg knuste på jorda.»
10Å, mitt folk, du som er treskt på treskjeplassen!
Det eg har høyrt frå Herren,
allhærs Gud, Israels Gud,
det har eg kunngjort for dykk.
Edom
11 # Sal 130,6f; Jer 49,7ff # 21,11 Duma Edom. Det hebr. ordet har òg tydinga «stille», «tagnad». Bodskap om Duma.
Nokon ropar til meg frå Se'ir:
«Vektar, kor langt på natt,
vektar, kor langt på natt?»
12Vektaren svarar:
«Det kjem ein morgon, men òg ei natt.
Vil de spørja, så spør!
Kom att ein annan gong!»
Øydemarka
13 # Jer 49,28ff; Esek 27,15.20 Bodskap om øydemarka.
De skal overnatta i krattet i øydemarka,
karavanar frå Dedan!
14Møt dei tørste og gjev dei vatn,
de som bur i Tema!
Gå med brød til flyktningane!
15For dei har flykta for sverd,
for dregne sverd og spente bogar
og krigens tyngd.
16 # 16,14 For så har Herren sagt til meg: Om eitt år, slik leigefolk reknar året, skal det vera slutt på all herlegdomen i Kedar. 17Det blir ikkje mange att av bogane til Kedar-heltane. For Herren, Israels Gud, har tala.

Currently Selected:

Jesaja 21: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy