YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 22

22
Jerusalem
1 # 22,1 Syne-dalen Det er ingen kjend dal ved Jerusalem med dette namnet. Tanken er kanskje at profeten i syn har sett den staden der dommen skal fullførast. Bodskap om Syne-dalen.
Kva er det med deg?
Kvifor går alle opp på taka?
2Du som er full av høge rop,
du ståkande by,
du jublande by!
Dine drepne er ikkje drepne med sverd,
dei er ikkje døde i krig.
3Dine hovdingar flykta, alle som ein.
Utan at bogen vart brukt, vart dei fanga.
Alle dei fann, vart fanga,
endå dei rømde langt av stad.
4 # 1 Mos 37,35; Jer 14,17; Klag 1,16 Difor seier eg:
«Sjå ikkje på meg
når eg græt bittert!
Press ikkje på meg trøyst
når dotter til folket mitt er øydelagd.»
5Ein dag med redsle, nedtrakking og forvirring
frå Herren, allhærs Gud, i Syne-dalen:
Murar vart brotne ned
og skrik lyfte mot fjellet.
6 # 22,6 Kir >2 Kong 16,9. Elam lyfte pilkoggeret
i tog av vogner, folk og hestar,
og Kir tok dekket av skjolda.
7Dei finaste dalane dine
vart fulle av vogner og hestar,
dei stilte seg opp ved porten.
8 # 22,8 Skoghuset Libanon-skoghuset. >1 Kong 7,2. Då tok han bort vernet frå Juda.
Den dagen såg du etter våpna i Skoghuset.
9 # 22,9 Nedredammen >7,3. De såg til dei mange rivnene i Davidsbyen,
de samla vatnet i Nedredammen,
10 # Jer 33,4 de talde husa i Jerusalem,
de reiv hus for å styrkja muren,
11 # 2 Kong 19,25; Jes 5,12; 37,26 # 22,11 ein dam mellom dei to murane Siloa-dammen. >2 Kong 20,20. Gamledammen truleg eit anna namn på Øvredammen. Jf. 7,3. de laga ein dam mellom dei to murane
for vatnet frå Gamledammen.
Men de såg ikkje etter han
som gjorde dette,
de såg ikkje mot han
som planla det for lenge sidan.
12 # Mi 1,16 # 22,12 sekkestrie >15,3. Den dagen kalla han dykk,
Herren, allhærs Gud,
til å gråta og klaga,
til å raka dykk snaue
og kle dykk i sekkestrie.
13 # 56,12; 1 Kor 15,32 Men sjå, det er jubel og glede!
De slår i hel oksar og slaktar sauer,
et kjøt og drikk vin.
«Et og drikk, for i morgon døyr vi!»
14Men Herren over hærskarane
har openberra for mine øyre:
«Sanneleg, denne skulda
blir ikkje sona så lenge de lever!»
seier Herren, allhærs Gud.
Sjebna og Eljakim
15 # 2 Kong 18,18 Så seier Herren, allhærs Gud: Gå inn til denne forvaltaren Sjebna, han som styrer kongens hus!
16Kva har du her, og kven har du der,
sidan du høgg deg ut ei grav?
Han høgg seg ei grav på ein høg stad,
holar seg ut ein bustad i berget.
17Sjå, Herren skal slengja deg bort,
ja, slengja deg bort, du mann.
Han skal rulla deg saman,
18nysta deg til eit nyste,
kasta deg som ein ball
til eit vidstrekt land.
Der skal du døy,
og der skal stasvognene dine enda,
du skam for huset til herren din!
19Eg vil driva deg bort frå di stilling
og riva deg ned frå din plass.
20 # 2 Kong 18,18; Jes 36,3 Og den dagen vil eg kalla på
tenaren min, Eljakim, son til Hilkia.
21Eg vil kle han i di drakt,
spenna ditt belte om han
og leggja di makt i hans hender.
Han skal vera ein far
for innbyggjarane i Jerusalem
og Judas hus.
22 # Matt 16,19; Op 3,7 Eg legg nøkkelen til Davids hus
på skuldra hans.
Når han opnar, skal ingen lukka,
og når han lukkar, skal ingen opna.
23Eg slår han inn som ein knagg
på ein sikker stad.
Han skal bli eit æresete for farshuset sitt.
24 # 22,24 både spirer … krukker heile Eljakim-ætta. På han skal dei hengja
heile tyngda av farshuset hans,
både spirer og blad,
alle små kar, frå skåler til krukker.
25Den dagen,
seier Herren over hærskarane,
skal han losna, knaggen
som vart slegen inn på ein sikker stad.
Han skal rivast ut og falla ned,
og det som hang på han, skal knusast.
For Herren har tala.

Currently Selected:

Jesaja 22: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy