YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 4

4
Kain og Abel
1 # 4,1 bore fram Hebr. nyttar her eit ord som kan tyda «skapa», «laga», jf. 1 Mos 14,19.22; Ordt 8,22, eller «kjøpa», «skaffa», jf. 1 Mos 25,10; 39,1. Namnet Kain er eit ordspel på dette ordet. Mannen var saman med Eva, kvinna si. Ho vart med barn og fødde Kain. Då sa ho: «Eg har bore fram ein mann ved Herrens hjelp.» 2#4,2 Abel Namnet tyder «pust», «forgjengelegdom». Sidan fødde ho Abel, bror hans. Abel vart sauegjetar, Kain vart jorddyrkar.
3Då det hadde gått ei tid, hende det at Kain bar fram eit offer for Herren av grøda på åkeren. 4#2 Mos 34,19; Hebr 11,4 Abel òg bar fram eit offer, av dei førstefødde dyra frå småfeet og av feittet på dei. Herren såg med velvilje på Abel og offeret hans, 5men på Kain og hans offer såg han ikkje med velvilje. Då vart Kain brennande harm og såg ned.
6 Herren sa til Kain: «Kvifor er du harm, og kvifor ser du ned? 7#Job 11,14f; Rom 6,12.16 Dersom du vil gjera det gode, kan du sjå opp, men om du ikkje vil det gode, ligg synda klar ved døra. Ho ønskjer makt over deg, men du skal herska over henne.»
8 # 1 Joh 3,12 # 4,8 Lat oss … marka Utsegna manglar i =masoretteksten, men finst i den samaritanske bibelteksten og i dei eldste omsetjingane. Sidan sa Kain til Abel, bror sin: {{«Lat oss gå ut på marka!»}} Og medan dei var der ute, gjekk Kain laus på Abel, bror sin, og drap han.
9Då sa Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Han svara: «Eg veit ikkje. Er eg vaktar for bror min?» 10#Hebr 12,24 Då sa Herren: «Kva har du gjort? Blodet til bror din ropar til meg frå jorda! 11Forbanna er du! No skal du vera bannlyst frå den jorda som opna munnen og tok imot blodet til bror din frå di hand. 12Når du dyrkar åkeren, skal han ikkje meir gje deg av rikdomen sin. Fredlaus og flyktning skal du vera på jorda.»
13Då sa Kain til Herren: «Skulda mi er for tung å bera. 14#Job 15,20f Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg. Fredlaus og flyktning blir eg på jorda, og den som finn meg, kan slå meg i hel.» 15#4,15 merke teikn, t.d. på panna, som viser at ein er verna av Gud. Jf. Esek 9,4. Men Herren sa til han: «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.» Og Herren sette eit merke på Kain så ingen som møtte han, skulle drepa han. 16#4,16 Nod ukjent land. Namnet liknar på det hebr. ordet for «fredlaus». Jf. v. 12.14. Så drog Kain bort frå Herren og busette seg i landet Nod, austafor Eden.
Slekta til Kain
17Kain var saman med kvinna si, og ho vart med barn og fødde Henok. Så bygde han ein by og gav han namn etter Henok, son sin. 18Henok fekk sonen Irad, og Irad vart far til Mehujael. Mehujael vart far til Metusjael, og Metusjael vart far til Lamek.
19Lamek tok seg to koner. Den eine heitte Ada, den andre heitte Silla. 20Ada fødde Jabal. Han vart stamfar til dei som bur i telt og held buskap. 21Bror hans heitte Jubal. Han vart stamfar til alle dei som spelar på lyre og fløyte. 22Silla fødde òg ein son, Tubalkain. Han smidde alle slag reiskapar av bronse og jern. Syster til Tubalkain var Naama.
23Lamek sa til konene sine:
«Ada og Silla, høyr på meg,
Lameks koner, lytt til mine ord:
Ein mann drep eg for eit sår,
ein gut for ei skramme.
24 # 4,15; Matt 18,21f Kain skal hemnast sju gonger,
men Lamek syttisju gonger.»
Slekta til Set
25 # 4,25 Set Namnet blir her sett i samband med eit hebr. ord som tyder «å gje». Jf. 4,26. Adam var igjen saman med kvinna si, og ho fødde ein son og kalla han Set.
«For Gud har gjeve meg eit nytt barn
i staden for Abel,
sidan Kain drap han.»
26 # 12,8 # 4,26 Enosj Namnet tyder «menneske». Set fekk òg ein son og gav han namnet Enosj. På den tida byrja dei å kalla på Herrens namn.

Currently Selected:

1. Mosebok 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy