YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 3

3
1 # 3,1 Slangen her talerøyr for ei vond og freistande makt. Jf. 2 Kor 11,3; Op 12,9; 20,2. Slangen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde laga. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?» 2Kvinna sa til slangen: «Vi kan eta av frukta på trea i hagen. 3#2,16f; Rom 6,23 Men om frukta på treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Et henne ikkje og rør henne ikkje! Gjer de det, skal de døy.» 4Då sa slangen til kvinna: «De skal slett ikkje døy! 5Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal auga dykkar opnast; de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt.» 6#Rom 5,12ff; 1 Tim 2,14; Jak 1,14f No fekk kvinna sjå at treet var godt å eta av og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så ho tok av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt. 7#2,25 Då vart auga deira opna, og dei skjøna at dei var nakne. Dei fletta saman fikenblad og batt kring livet.
8 # Sal 139,7–10 Då høyrde dei lyden av Herren Gud som vandra omkring i hagen i den svale kveldsbrisen. Og mannen og kvinna gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen. 9Men Herren Gud ropa på mannen og sa: «Kvar er du?» 10Han svara: «Eg høyrde lyden av deg i hagen og vart redd fordi eg er naken, og eg gøymde meg.» 11Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?» 12Mannen svara: «Kvinna som du gav meg å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.» 13#2 Kor 11,3Herren Gud spurde kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Slangen narra meg, og eg åt.»
14 # Jes 65,25; Mi 7,17 Då sa Herren Gud til slangen:
«Forbanna er du,
utstøytt frå alt fe og alle ville dyr
fordi du gjorde dette.
På buken skal du krypa,
og støv skal du eta alle dine levedagar.
15 # Rom 16,20; Hebr 2,14f; 1 Joh 3,8; Op 12,4f.15–17 Eg vil setja fiendskap
mellom deg og kvinna,
mellom di ætt og hennar ætt.
Han skal råka hovudet ditt,
men du skal råka hælen hans.»
16 # 1 Kor 11,3; 14,34; Ef 5,22f; 1 Tim 2,12 Til kvinna sa han:
«Tungt vil eg gjera ditt strev
når du er med barn,
med smerte skal du føda.
Etter mannen din skal du trå,
og han skal herska over deg.»
17 # Hebr 6,8 Og til mannen sa han:
«Fordi du høyrde på kvinna
og åt av treet
som eg forbaud deg å eta av,
er jorda forbanna for di skuld.
Med strev skal du næra deg av henne
alle dine levedagar.
18Ho skal la torn og tistel spira fram for deg,
og du skal eta det som veks på marka.
19 # 2,7; 18,27; Job 34,15; Sal 90,3; Fork 12,7; 2 Tess 3,10 Med sveitte i andletet
skal du eta ditt brød,
heilt til du vender attende til jorda,
for av henne er du teken.
Støv er du,
og til støv skal du venda attende.»
20 # 3,20 Eva Namnet heng saman med det hebr. ordet for «liv». Mannen kalla kvinna Eva, for ho vart mor til alle som lever. 21Herren Gud laga klede av skinn til mannen og kvinna og kledde dei.
22 # Op 22,14 Herren Gud sa: «Sjå! Mennesket har vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre òg, så det et og lever evig!» 23#2,15Herren Gud viste mennesket ut frå Edens hage og sette det til å dyrka jorda, som det var teke av. 24#Esek 10 Han dreiv mennesket ut, og aust for Edens hage sette han kjerubane og det flammande sverdet som blir svinga utan stans. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.

Currently Selected:

1. Mosebok 3: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy