YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 3

3
1 # 3,1 Jetro >2,18. Horeb eit anna namn på Sinai, det heilage fjellet i ørkenen. Jf. 19,2ff; 1 Kong 19,8ff. Moses gjette småfeet til Jetro, svigerfar sin, presten i Midjan. Ein gong han dreiv feet over til den andre sida av ørkenen, kom han til Guds fjell, Horeb. 2#Apg 7,30ff Då synte Herrens engel seg for han i ein flammande eld som slo opp frå ein tornebusk. Han såg, og sjå! – busken sto i lys loge, men han vart ikkje tært opp av elden. 3Og Moses sa: «Eg vil gå bort og sjå dette mektige synet. Kvifor brenn ikkje tornebusken opp?» 4Men då Herren såg at han kom bort for å sjå, ropa Gud til han frå tornebusken: «Moses, Moses!» Han svara: «Her er eg.» 5#Jos 5,15 Og Gud sa: «Kom ikkje nærare! Ta skorne av føtene! For staden du står på, er heilag grunn.» 6#1 Kong 19,13; Matt 22,32 Så sa han: «Eg er din fars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då gøymde Moses andletet, for han var redd for å sjå Gud.
7 Herren sa: «Eg har sett nauda til mitt folk i Egypt og har høyrt skrika deira under slavedrivarane. Eg kjenner deira smerte. 8#1 Mos 15,18ff; 2 Mos 13,5 Eg har stige ned for å fria dei ut av hendene på egyptarane og føra dei opp frå dette landet og inn i eit godt og vidt land, inn i eit land som fløymer med mjølk og honning, staden der kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane bur. 9For no har skriket frå israelittane nådd meg, og eg har òg sett kor hardt egyptarane undertrykkjer dei. 10Gå no! Eg sender deg til farao. Du skal føra folket mitt, israelittane, ut frå Egypt.»
11Moses sa til Gud: «Kven er eg? Kan eg gå til farao og føra israelittane ut frå Egypt?» 12Han svara: «Eg skal vera med deg! Dette skal du ha til teikn på at det er eg som har sendt deg: Når du har ført folket ut frå Egypt, skal de tena Gud på dette fjellet.» 13Då sa Moses til Gud: «Enn om eg går til israelittane og seier til dei: Han som er dykkar fedrars Gud, har sendt meg, og dei så spør meg: Kva er namnet hans? Kva skal eg svara dei?» 14#6,2f; Joh 8,24ff; Op 1,4#3,14 Eg er Det hebr. gudsnamnet JHWH blir her forstått som ei form av ordet for «å vera». På hebr. gjev Eg er og JHWH eit ordspel. I omsetjing blir JHWH til vanleg attgjeve med «Herren». =Guds namn. Gud svara Moses: «Eg er den eg er.» Og han sa: «Slik skal du svara israelittane: Eg er har sendt meg til dykk.» 15#Jes 42,8; Hos 12,6 Og Gud heldt fram: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Dette er mitt namn til evig tid, dette skal eg kallast frå slekt til slekt.
16Gå og kall saman dei eldste i Israel, og sei til dei: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, har synt seg for meg og sagt: Eg har halde auge med dykk og med det som er gjort mot dykk i Egypt. 17Og eg har sagt at eg skal føra dykk bort frå plagene i Egypt og opp til landet til kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane, til eit land som fløymer med mjølk og honning. 18#5,1ff; 7,16; 8,27 Dei kjem til å høyra på deg. Og så skal du og dei eldste i Israel gå til kongen i Egypt og seia: Herren, som er Gud for hebrearane, har møtt oss. Lat oss no få dra tre dagsreiser ut i ørkenen og ofra til Herren vår Gud! 19Men eg veit at egyptarkongen ikkje vil la dykk dra om ikkje ei sterk hand tvingar han. 20Difor vil eg strekkja handa ut og slå Egypt med alle dei undergjerningane som eg vil gjera iblant dei. Deretter skal han la dykk fara. 21#1 Mos 15,14+ Og eg vil la dykk finna nåde i auga til egyptarane. Når de dreg, skal de ikkje dra tomhendte. 22Kvar kvinne skal be nabokona si og dei kvinnene ho bur i lag med, om ting av sølv og gull og om klede. Det skal de la sønene og døtrene dykkar bera. Slik skal de utnytta egyptarane.»

Currently Selected:

2. Mosebok 3: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy