YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 2

2
Moses blir fødd
1 # 6,20; 4 Mos 26,59 Det var ein mann av Levis hus som gifte seg med ei levitt-dotter. 2#Apg 7,20ff; Hebr 11,23ff Kvinna vart med barn og fødde ein son. Då ho såg at det var ein fin gut, gøymde ho han i tre månader. 3#2,3 korg same ordet som «ark» i Noah-forteljinga, 1 Mos 6–9. Men då ho ikkje kunne halda han gøymd lenger, laga ho ei korg av papyrusrøyr til han. Den tetta ho med bek og tjøre. Så la ho guten oppi korga og sette henne ut i sivet ved bredda av Nilen. 4Syster hans stilte seg opp eit stykke unna for å sjå korleis det gjekk med han.
5Då kom dotter til farao ned til elva for å bada, medan dei unge jentene i følgjet hennar gjekk att og fram langs elvebredda. Ho fekk auge på korga i sivet og sende ei av tenestejentene for å henta henne. 6Så opna ho korga og fekk sjå guten, eit lite barn som låg og gret. Ho syntest synd på han og sa: «Dette er eit av guteborna til hebrearane.»
7Då sa syster hans til faraos dotter: «Skal eg gå og finna ei hebrearkvinne som kan amma guten for deg?» 8«Ja, gå!» sa dotter til farao. Så gjekk den unge jenta og henta mor til guten. 9Dotter til farao sa til henne: «Kan du ta denne guten og amma han for meg? Eg skal løna deg for det.» Og kvinna tok guten og amma han. 10#2,10 Moses Namnet er egyptisk og tyder «son» eller «barn». Det liknar eit hebr. ord for «å dra opp». Guten voks opp, og ho gjekk til faraos dotter med han, og guten vart ein son for henne. Ho gav han namnet Moses, «for eg har drege han opp or vatnet», sa ho.
Moses rømmer til Midjan
11Ei tid etter, då Moses var vaksen, gjekk han ut til landsmennene sine og fekk sjå tvangsarbeidet. Han såg ein egyptar som slo ein hebrear, ein av landsmennene hans. 12Moses såg seg om til alle sider, og då han ikkje såg nokon, slo han egyptaren i hel og gøymde han i sanden.
13Dagen etter gjekk han ut att. Då fekk han sjå to hebrearar som slost. Han sa til den som hadde skulda: «Kvifor slår du nesten din?» 14Mannen svara: «Kven har sett deg til leiar og dommar over oss? Tenkjer du å drepa meg slik du drap egyptaren?» Då vart Moses redd og sa med seg sjølv: «Så er saka likevel kjend!»
15Då farao fekk høyra om det, prøvde han å få Moses drepen. Men Moses rømde for farao. Han slo seg ned i landet Midjan, der han budde ved ein brønn.
16Presten i Midjan hadde sju døtrer. Dei kom og drog opp vatn og fylte traua for å gje småfeet til faren å drikka. 17#1 Mos 29,10 Men det kom nokre gjetarar og jaga dei bort. Då greip Moses inn og hjelpte dei, og han gav småfeet deira vatn.
18 # 4 Mos 10,29 # 2,18 Re'uel Presten i Midjan heiter elles Jetro. Jf. 3,1; 4,18; 18,1. Då dei kom heim att til Re'uel, far sin, spurde han: «Kvifor kjem de så tidleg i dag?» 19Dei svara: «Ein egyptar berga oss frå gjetarane. Han drog òg opp vatn for oss og gav småfeet å drikka.» 20«Kvar er han?» spurde faren døtrene. «Kvifor gjekk de ifrå mannen? Hent han, så han kan få seg mat.»
21 # 18,2f Moses gjekk med på å bu hos mannen, og han gav Moses dottera Sippora til kone. 22#2,22 Gersjom Namnet liknar dei hebr. orda for «innflyttar» og «der». Ho fødde ein son, og Moses gav han namnet Gersjom; «for eg har vorte innflyttar i eit framandt land», sa han.
Guds kall og Guds namn
23 # 4 Mos 20,16 Lenge etter dette døydde kongen i Egypt. Israelittane sukka og klaga over slavearbeidet, og skriket deira steig opp til Gud. 24#1 Mos 15,18; 26,3; 28,13; 3 Mos 26,42 Gud høyrde korleis dei stønna, og Gud kom i hug si pakt med Abraham, Isak og Jakob. 25Gud såg til israelittane; Gud kjende dei.

Currently Selected:

2. Mosebok 2: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy