YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 20

20
Dei ti boda
1Gud tala alle desse orda:
2 # 5 Mos 5,6ff; Sal 81,10f Eg er Herren din Gud, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.
3Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
4 # 20,23; 34,17; 3 Mos 19,4; 26,1; 5 Mos 4,15ff; 27,15 Du skal ikkje laga deg gudebilete, inga etterlikning av noko som er oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda. 5#34,6f.14; 4 Mos 14,18; 5 Mos 4,24; 5,9f; 6,15; 7,9f; Jos 24,19; Neh 1,5; Jer 32,18; Nah 1,2f Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg lokka til å dyrka dei! For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg, 6#Dan 9,4 men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.
7 # 3 Mos 19,12; 24,16 Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud, for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.
8 # 23,12; 31,13ff; 34,21; 35,2f; Jer 17,21f; Esek 20,12 # 20,8 sabbatsdagen kan òg omsetjast «kviledagen». =festar og høgtider. Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag. 9Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning, 10men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine. 11#1 Mos 2,2f For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og helga han.
12 # Ordt 4,10; Matt 15,4; Ef 6,2f Du skal heidra far din og mor di, så du kan leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.
13 # 1 Mos 9,6+; Matt 5,21f Du skal ikkje slå i hel.
14 # 3 Mos 20,10ff; Matt 5,27f Du skal ikkje bryta ekteskapet.
15Du skal ikkje stela.
16 # 23,1; Ordt 19,5 Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.
17 # Rom 7,7 Du skal ikkje trå etter huset til nesten din. Du skal ikkje trå etter kona til nesten din, slaven eller slavekvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.
18Heile folket var vitne til torebraka og lynglimta, lyden av bukkehorn og røyken frå fjellet. Folket såg det og skalv og vart ståande langt borte. 19#5 Mos 5,25; Hebr 12,18f Dei sa til Moses: «Tal med oss du, så skal vi høyra! Men lat ikkje Gud tala med oss, for då kjem vi til å døy.» 20#16,4+ Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Gud er komen for å setja dykk på prøve, og for at de skal frykta han så de ikkje syndar.»
21Så vart folket ståande langt borte, medan Moses nærma seg den tette skodda der Gud var.
Altaret
22 Herren sa til Moses: Dette skal du seia til israelittane: De har sjølve sett at eg har tala med dykk frå himmelen. 23De skal ikkje laga dykk nokon gud ved sida av meg. Gudar av sølv eller gull skal de ikkje laga dykk.
24 # 5 Mos 12,5 # 20,24 =offer og soning. Eit altar av jord skal du laga for meg. På det skal du ofra brennoffera og fredsoffera dine og småfeet og storfeet ditt. Overalt der eg lèt namnet mitt nemnast, skal eg koma til deg og velsigna deg. 25#5 Mos 27,5; Jos 8,30f Men om du lagar eit steinaltar for meg, skal du ikkje byggja det av hoggen stein. For bruker du meisel på steinane, vanhelgar du dei. 26#28,42f Du skal ikkje gå opp til altaret mitt på trapper, så du ikkje skal koma til å blotta deg framfor det.

Currently Selected:

2. Mosebok 20: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy