YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 19

19
Herren openberrar seg på Sinai
1 # 19,1 Sinai-ørkenen områda sør på Sinai-halvøya. Israelittane kom til Sinai-ørkenen i den tredje månaden etter utferda frå Egypt, på nymånedagen. 2#4 Mos 33,15 Dei braut opp frå Refidim og kom til Sinai-ørkenen. Israelittane slo leir der i ørkenen, dei slo leir framfor fjellet. 3Moses gjekk opp til Gud. Då ropa Herren til han frå fjellet: «Dette skal du seia til Jakobs hus og fortelja til israelittane: 4#5 Mos 29,2; 32,11 De har sett kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevenger og bar dykk hit til meg. 5#Sal 24,1; 50,12; 1 Kor 10,26 Dersom de lyder mi røyst og held mi pakt, skal de vera min kostelege eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi. 6#5 Mos 7,6; 14,2; 26,18f; 1 Pet 2,9 De skal vera eit kongerike av prestar og eit heilagt folk for meg. Dette er dei orda du skal tala til israelittane.»
7Då Moses kom tilbake, kalla han saman dei eldste i folket og la fram for dei alle dei orda som Herren hadde pålagt han. 8#24,3; 5 Mos 5,27 Og heile folket svara samrøystes: «Alt det Herren har sagt, skal vi gjera.» Dette svaret bar Moses tilbake til Herren.
9Då sa Herren til Moses: «Sjå, eg kjem til deg i ei tett sky, så folket kan høyra når eg talar med deg. Då vil dei stola på deg for alltid.» Moses fortalde Herren kva folket hadde sagt. 10#4 Mos 11,18; Jos 7,13; 1 Sam 16,5Herren sa til Moses: «Gå til folket. Du skal helga dei i dag og i morgon, og dei skal vaska kleda sine. 11Den tredje dagen skal dei halda seg klare, for på den dagen skal Herren stiga ned på Sinai-fjellet for auga på heile folket. 12#24,1; 34,3; Hebr 12,18ff Du skal dra ei grense framfor folket og seia: Ta dykk i vare, så de ikkje går opp på fjellet eller rører ved foten av det! Kvar den som rører ved fjellet, skal døy. 13Inga hand må røra han. Han skal steinast eller skytast. Anten det er eit dyr eller eit menneske, skal det ikkje få leva. Når det lyder ein lang hornstøyt, kan de gå opp på fjellet.» 14Så gjekk Moses ned frå fjellet til folket. Han helga dei, og dei vaska kleda sine. 15Han sa til folket: «Hald dykk klare den tredje dagen! Kom ikkje nær noka kvinne!»
16Då det vart morgon tredje dagen, byrja det å torna og lyna. Ei tung sky la seg over fjellet, og det gjalla høgt frå bukkehorn. Alt folket i leiren skalv av redsle. 17#5 Mos 4,10ff Men Moses førte folket ut frå leiren for å møta Gud, og dei stilte seg ved foten av fjellet. 18Heile Sinai-fjellet stod i røyk fordi Herren hadde stige ned på det i eld. Røyken steig opp som frå ein smelteomn, og heile fjellet skalv. 19Lyden av bukkehorn vart sterkare og sterkare. Moses tala, og Gud svara han med høg røyst.
20Då steig Herren ned på toppen av Sinai-fjellet. Herren kalla Moses opp til toppen av fjellet, og Moses gjekk opp. 21#33,20+Herren sa til han: «Gå ned og åtvar folket, så dei ikkje trengjer seg fram til Herren for å sjå! For då kjem mange av dei til å falla. 22Jamvel prestane, som elles får stiga fram for Herren, må helga seg, for at Herren ikkje skal bryta inn blant dei.» 23Då sa Moses til Herren: «Folket kan ikkje gå opp på Sinai-fjellet, for du har sjølv åtvara oss og sagt: Dra ei grense rundt fjellet og lys det heilagt!» 24#24,9ffHerren sa til han: «Gå ned, og kom så opp att saman med Aron! Men prestane og folket må ikkje trengja seg fram for å gå opp til Herren, for då bryt han inn blant dei.»
25Då gjekk Moses ned til folket og sa det til dei.

Currently Selected:

2. Mosebok 19: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy