YouVersion Logo
Search Icon

5. Mosebok 33

33
Moses velsignar Israel
1Dette er den velsigninga som gudsmannen Moses lyste over israelittane før han døydde:
2 # 2 Mos 19,20; Hab 3,3 # 33,2 Paran-fjellet høgd i Paran-ørkenen. >1 Mos 21,21. Herren kom frå Sinai,
frå Se'ir stråla han fram for dei.
I lysglans kom han frå Paran-fjellet
med heilage i titusental
som strøymde fram på hans høgre side.
3Ja, han elskar sitt folk.
Alle hans heilage er i hans hand.
Dei set seg ned ved dine føter
og tek imot av dine ord.
4 # Sal 147,19 Moses gav oss ei lov,
ein eigedom for Jakobs forsamling.
5 # 33,5 Jesjurun >32,15. Det stod fram ein konge i Jesjurun
då hovdingane i folket
kom saman med stammane i Israel.
6Måtte Ruben leva og aldri døy ut,
måtte mennene hans bli talrike!
7Dette gjeld Juda. Han sa:
Herre, høyr ropa frå Juda
og lat han koma til folket sitt!
Med hendene strider han for det.
Ver hans hjelp mot fiendane!
8 # 2 Mos 17,2–7; 4 Mos 20,2–13 # 33,8 tummim og urim heilage gjenstandar som vart brukte til å kasta lodd med for å finna Guds vilje. >2 Mos 28,30. =prest. Om Levi sa han:
Dine tummim og urim
skal vera hos din trufaste mann,
han som du sette på prøve ved Massa
og stridde mot ved Meriba-kjelda.
9 # 2 Mos 32,26–29; 5 Mos 13,6–8; Matt 10,37; 19,29 Han sa om far sin og mor si:
«Eg har aldri sett dei.»
Han kjendest ikkje ved sine brør
og ville ikkje vita av sine born.
For dei tok vare på ditt ord
og verna om di pakt.
10 # 3 Mos 1–3; 5 Mos 17,9; Mal 2,6f Dei skal læra Jakob dine bod
og Israel di lov.
Dei skal bera fram røykjelse til din nase
og heiloffer på ditt altar.
11 Herre, velsigna hans kraft
og ta vel imot verket frå hans hender!
Knus hoftene på hans motstandarar og fiendar
så dei aldri reiser seg meir!
12 # 33,12 skuldrene Ordet kan òg nyttast om åsar eller fjellsider. Jf. Jes 11,14. Om Benjamin sa han:
Herrens kjære ven bur trygt og sikkert.
Herren vernar han heile dagen,
mellom skuldrene hans får han bu.
13 # 1 Mos 49,25–29 Om Josef sa han:
Måtte Herren velsigna hans land
med det beste frå himmelen, med dogg,
og frå havdjupet som ligg der nede,
14med den finaste avling som mognast i sol,
og det beste som gror medan månen skifter,
15med det gjævaste frå dei eldgamle fjell,
det aller beste frå dei evige høgder,
16 # 1 Mos 49,26; 2 Mos 3,1–6 # 33,16 fyrste hebr. nasir, person som er innvigd til Gud. Jf. 4 Mos 6,1–21. med alt godt som fyller jorda,
og med velvilje frå han
som budde i klungeren.
Lat dette koma over Josefs hovud,
over issen på han
som er fyrste blant sine brør.
17 # 1 Mos 48,13f.19 Staseleg er hans førstefødde okse,
han har horn som ein villokse;
med dei kan han stanga folka ned
heilt til endane av jorda.
Dette er Efraim i titusental,
dei tusen på tusen menn av Manasse.
18 # 1 Mos 49,13f Om Sebulon sa han:
Gled deg, Sebulon, når du dreg ut,
gled deg, Jissakar, i dine telt!
19Dei bed folka koma til fjellet,
der ber dei fram rette offer.
Dei syg til seg rikdom frå havet
og skattar gøymde i sanden.
20Om Gad sa han:
Velsigna er han som lèt Gad få rom!
Som ei løvinne er Gad der han bur.
Han riv sund både arm og hovud.
21 # 4 Mos 32; Jos 4,12 Han såg seg ut den beste delen,
der fekk han lott som ein æra herskar.
Når hovdingane i folket kom saman,
sette han i verk Herrens rettferd
og hans dommar i Israel.
22 # 1 Mos 49,17; Dom 13 Om Dan sa han:
Dan er ein løveunge
som spring fram frå Basan.
23Om Naftali sa han:
Naftali er metta med Herrens velvilje
og fylt av hans velsigning.
Han tek land i vest og sør.
24 # 1 Mos 49,20; Job 29,6 Om Asjer sa han:
Mest velsigna blant søner er Asjer.
Han skal vera elska av brørne sine
og dyppa foten sin i olje.
25Bommane dine skal vera av jern og bronse.
Som dine dagar er, skal din styrke vera.
26Ingen er som Jesjuruns Gud.
Han rid fram over himmelen
for å koma deg til hjelp,
rid på skyene i sitt velde.
27 # 31,3; Sal 90,1 Ein bustad er den eldgamle Gud,
her nede er hans evige armar.
Han dreiv fienden bort for deg
og sa: «Rydd ut!»
28Sidan bur Israel trygt,
Jakobs kjelde har fred
i eit land med korn og ny vin,
der dogga dryp frå himmelen.
29 # 33,29 over høgdene deira eller «over ryggene deira», eit uttrykk for militær triumf over fienden. Jf. Jos 10,24; Sal 110,1. Sæl er du, Israel. Kven er som du?
Du er eit folk som er frelst av Herren,
ditt vernande skjold og ditt sigrande sverd.
Dine fiendar skal krypa for deg
medan du skrid fram over høgdene deira.

Currently Selected:

5. Mosebok 33: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy