YouVersion Logo
Search Icon

5. Mosebok 34

34
Moses døyr
1 # 3,27 Så gjekk Moses frå slettene i Moab opp på Nebo, toppen av Pisga-fjellet, som ligg rett imot Jeriko. Og Herren viste han heile landet: Gilead like til Dan, 2heile Naftali, Efraims og Manasses land og heile Judas land til havet i vest, 3Negev og Jordan-sletta ved Jeriko-dalen – Palmebyen – heilt ned til Soar.
4 # 1 Mos 12,7; 5 Mos 32,52 Og Herren sa til han: «Dette er det landet som eg med eid lova Abraham, Isak og Jakob at eg ville gje etterkomarane deira. No har eg late deg sjå det med eigne auge, men du får ikkje koma over dit.»
5Så døydde Moses, Herrens tenar, der i Moab-landet, slik som Herren hadde sagt. 6Han gravla han nede i dalen i Moab, midt for Bet-Peor. Men til denne dag har ingen visst kvar grava hans er. 7#31,2 Moses var hundre og tjue år gammal då han døydde, men auga hans var endå ikkje matte, livskrafta var ikkje borte. 8#4 Mos 20,29 Israelittane gret over Moses på slettene i Moab i tretti dagar, heilt til sørgjetida var slutt.
9 # 4 Mos 27,18–23; 5 Mos 1,13; 16,18 Josva, son til Nun, var fylt med visdoms ånd fordi Moses hadde lagt hendene på han. Og israelittane lydde han og gjorde som Herren hadde sagt Moses føre.
10 # 2 Mos 33,11; 4 Mos 12,8–10 Aldri meir steig det fram i Israel ein profet som Moses, ein som Herren gav seg til kjenne for andlet til andlet. 11Kom i hug alle dei teikn og under Herren sende han for å gjera i Egypt, med farao og alle tenarane hans og heile landet hans. 12Og kom i hug den sterke handa og alle dei store, skremmande gjerningane som Moses gjorde for auga på heile Israel.

Currently Selected:

5. Mosebok 34: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy