YouVersion Logo
Search Icon

Amos 3

3
Utveljing og ansvar
1Høyr dette ordet som Herren talar mot dykk, de israelittar,
mot heile den slekta eg førte opp frå Egypt:
2 # 2 Mos 19,5f; 5 Mos 7,6ff Berre dykk ville eg kjennast ved
mellom alle slektene på jorda.
Difor vil eg straffa dykk
for alle syndene dykkar.
Profetkallet tvingar
3Går vel to i lag
utan å ha ein avtale?
4Brøler vel løva i skogen
utan å ha eit bytte?
Knurrar ungløva i hòla
utan å ha fanga noko?
5Fell vel fuglen til jorda
utan at ei felle er sett opp?
Sprett snara frå marka
utan at ho har fanga noko?
6 # Jes 31,2; 45,7; Klag 3,38; Mi 1,12 # 3,6 ei ulukke Jf. Jes 45,7. Gjallar hornet i byen
utan at folket skjelv?
Skjer det ei ulukke i byen
utan at Herren har gjort det?
7 # Op 1,1 Nei, Herren Gud gjer ikkje noko
utan å openberra sitt løynde råd
for tenarane sine, profetane.
8 # Jer 20,7 Løva brøler
– kven blir ikkje redd?
Herren Gud talar
– kven blir ikkje profet?
Dom over Samaria
9 # 4,1; 6,1; 8,14 Lat det høyrast over borgene i Asjdod
og over borgene i Egypt, og sei:
Kom saman på fjella kring Samaria!
Sjå den store forvirringa hos henne
og undertrykkinga i byen!
10 # Esek 45,9 Dei veit ikkje å gjera det rette,
seier Herren.
Dei dyngjer opp vald og ran i borgene sine.
11Difor seier Herren Gud:
Fienden skal omringa landet,
riva ned festninga di,
borgene skal plyndrast.
12Så seier Herren:
Som gjetaren bergar
to leggbein eller ein øyreflipp frå løvegapet,
slik skal israelittane bergast,
dei som sit i sofahjørne i Samaria
og på divanar i Damaskus.
13Høyr og ver vitne mot Jakobs hus!
seier Herren Gud, allhærs Gud.
14 # 2 Kong 23,15 # 3,14 Betel viktig religiøst og politisk sentrum lengst sør i Nordriket. >1 Kong 12,29. Altarhorna =horn, altarhorn. Ja, den dagen eg straffar Israel
for syndene deira,
lèt eg straffa råka altara i Betel.
Altarhorna blir hogne av
og fell til jorda.
15 # 6,4.11 # 3,15 Elfenbeinshus rikmannshus, prydde med kostesamt elfenbein. Det er funne restar av elfenbein i ruinane i Samaria. Då knuser eg både vinterhus og sommarhus.
Elfenbeinshus skal gå til grunne
og store bygningar siga i røys,
seier Herren.

Currently Selected:

Amos 3: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy