YouVersion Logo
Search Icon

Amos 2

2
1 # Jes 15–16; 33,12; Jer 48 Så seier Herren:
Tre ugjerningar av Moab, ja, fire
– eg held det ikkje tilbake!
For dei brende Edom-kongens knoklar til kalk.
2 # 2,2 Kerijot by i Moab, aust for Daudehavet. Jf. Jer 48,24. Eg sender eld mot Moab,
han skal øyda borgene i Kerijot.
Moab skal døy under krigslarm,
under kamprop og hornstøytar.
3Eg ryddar ut dommaren der
og drep stormennene med,
seier Herren.
Dom over Juda og Israel
4 # 3 Mos 26,14ff; 5 Mos 28,15ff; Dom 2,11f; Jer 8,4ff Så seier Herren:
Tre ugjerningar av Juda, ja, fire
– eg held det ikkje tilbake!
For dei forakta Herrens lov,
dei heldt ikkje hans forskrifter.
Løgner førte dei vill,
løgner som fedrane følgde.
5Eg sender eld mot Juda,
han skal øyda borgene i Jerusalem.
6 # 8,6 Så seier Herren:
Tre ugjerningar av Israel, ja, fire
– eg held det ikkje tilbake!
For dei sel den rettferdige for pengar,
den fattige for eit par sandalar.
7Dei trakkar hovudet til dei svake ned i støvet
og trengjer hjelpelause bort frå vegen.
Ein mann og far hans går til same jenta
så mitt heilage namn blir vanhelga.
8 # 2 Mos 22,26f; 5 Mos 24,17 Dei breier seg på pantsette klede
attmed kvart altar.
Vin teken i bøter
drikk dei i huset til sin Gud.
9 # 4 Mos 13,32f; 5 Mos 7,1; Jos 24,8.11f Men det var eg
som rydda ut amorittane for dei,
dei som var høge som sedrar
og sterke som eiker.
Eg øydela frukta oppe
og røtene nede.
10Det var eg som førte dykk opp frå Egypt
og leidde dykk i øydemarka i førti år
så de kunne ta amorittlandet.
11 # 5 Mos 18,18f; Dom 13,5 # 2,11 nasirearar Hebr. nasir tyder «innvigd». =religiøse skikkar og ordningar. Jf. 4 Mos 6,1ff. Eg lét nokre av sønene dykkar stå fram som profetar
og nokre unge menn som nasirearar.
Er det ikkje slik, israelittar?
seier Herren.
12 # 4 Mos 6,2ff; Am 7,12f; Mi 2,6 Men de skjenkte nasirearane vin
og baud profetane: Tal ikkje profetord!
13Sjå, eg lèt grunnen skaka under dykk
som under ei vogn full av korn.
14Den raske er ikkje i stand til å flykta,
den sterke kan ikkje bruka si kraft,
og helten bergar ikkje livet.
15Bogeskyttaren held ikkje stand,
den som er lett på foten, kjem seg ikkje unna,
og ryttaren bergar ikkje livet.
16Den djervaste helten
skal rømma naken den dagen,
seier Herren.

Currently Selected:

Amos 2: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy