YouVersion Logo
Search Icon

2. Kongebok 24

24
1I Jojakims dagar drog kong Nebukadnesar av Babel i krig, og Jojakim måtte gje seg under han i tre år. Men så gjorde Jojakim opprør mot han. 2Då sende Herren røvarflokkar imot han, kaldearar, aramearar, moabittar og ammonittar. Han sende dei mot Juda for å gjera ende på folket. For så lydde ordet Herren hadde tala gjennom tenarane sine, profetane. 3#21,10ff; Jer 15,4 Det som hende med Juda, var heilt etter Herrens ord. Slik ville han støyta dei bort frå sitt andlet på grunn av alle dei syndene Manasse hadde gjort. 4#21,16 Han lét så mykje uskuldig blod renna at heile Jerusalem vart fylt med blod. Og det ville Herren ikkje tilgje.
5Det som elles er å seia om Jojakim og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 6Jojakim gjekk til kvile hos fedrane sine, og son hans, Jojakin, vart konge etter han.
7 # 24,7 Egyptarbekken >4 Mos 34,5. Kongen i Egypt drog no ikkje ut frå landet sitt meir, for kongen av Babel hadde teke alt land som høyrde han til, frå Egyptarbekken til elva Eufrat.
Nebukadnesar tek Jerusalem
8 # 2 Krøn 36,9 Jojakin var atten år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Nehusjta og var dotter til Elnatan frå Jerusalem. 9Jojakin gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt slik far hans hadde gjort.
10 # 24,10 På den tid år 598 f.Kr. På den tid drog mennene til kong Nebukadnesar av Babel opp mot Jerusalem, og byen vart kringsett. 11Nebukadnesar kom sjølv til byen medan mennene hans heldt han kringsett. 12#Jer 22,24ff Då gav Juda-kongen Jojakin seg over til kongen av Babel saman med mor si og tenarane sine, stormenn og hoffmenn. Og kongen av Babel tok han til fange i det åttande styringsåret sitt. 13#18,16; 2 Krøn 36,10 Nebukadnesar førte bort alle skattane i Herrens hus og i kongeborga og braut gullet av alt det utstyret som Israels konge Salomo hadde fått laga til Herrens tempel. Det gjekk som Herren hadde sagt.
14Han førte bort alt folket i Jerusalem, alle stormennene og rikmennene, ti tusen fangar i alt, og alle handverkarane og smedane. Berre dei fattigaste i landet vart att. 15#Jer 24,1; 29,2 Jojakin førte han i eksil til Babel. Mor til kongen og konene hans, hoffmennene og dei mektigaste mennene i landet vart òg bortførte frå Jerusalem til Babel. 16Rikmennene, sju tusen i talet, handverkarane og smedane, eitt tusen i talet, som alle var øvde krigarar, vart førte i eksil til Babel av kongen der.
17 # Jer 37,1ff # 24,17 Mattanja Namnet tyder «Herrens gåve». Sidkia Namnet tyder «Herren er mi rettferd». Kongen av Babel gjorde Mattanja, onkel til Jojakim, til konge etter han og endra namnet hans til Sidkia. 18#23,31; Jer 52,1ff Sidkia var tjueein år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna. 19Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt som Jojakim hadde gjort. 20#Esek 17,15 Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde, og til sist kasta han dei bort frå sitt andlet.
Juda-riket går under
Sidkia gjorde opprør mot kongen av Babel.

Currently Selected:

2. Kongebok 24: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy