YouVersion Logo
Search Icon

2. Kongebok 23

23
Kong Josjia reformerer gudsdyrkinga
1 # 2 Krøn 34,29ff Då sende kongen bod etter alle dei eldste i Juda og Jerusalem, og dei samla seg hos han. 2#23,2 paktboka her den lovboka som vart funnen i tempelet. Jf. 22,8. Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle judearane og alle som budde i Jerusalem – prestane og profetane, heile folket, både små og store – følgde han. Han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som var funnen i Herrens hus. 3#Jos 24,25; 2 Krøn 15,12#23,3 ved søyla >11,14. Kongen stilte seg opp ved søyla og gjorde ei pakt for Herrens andlet: Folket skulle følgja Herren og halda hans bod, reglar og forskrifter av heile sitt hjarte og heile si sjel. Alle dei paktorda som var skrivne i denne bokrullen, skulle dei halda. Og heile folket gjekk med i pakta.
4 # 17,16; 2 Krøn 34,3ff Kongen gav påbod til øvstepresten Hilkia, prestane under han og dørvaktarane om å fjerna frå Herrens tempel alt det utstyret som var laga for Baal og Asjera og heile himmelhæren. Han brende det utanfor Jerusalem, på avsatsane i Kedron-dalen, og oska tok han med til Betel. 5Josjia avsette dei avgudsprestane som Juda-kongane hadde sett inn, dei som tende offereld på haugane i Juda-byane og rundt ikring Jerusalem, og dei som tende offereld for Baal, for sola og månen, for stjernebileta og heile himmelhæren. 6Asjera-pålen tok han frå Herrens hus og førte han ut frå Jerusalem, til Kedron-dalen. Der brende han pålen til oske, og oska strødde han på gravplassen til folket. 7#1 Kong 14,24 Han reiv ned kammera til dei tempelprostituerte mennene som heldt til i Herrens hus, og staden der kvinnene vov klede til Asjera.
8 # 23,8 frå Geba til Beer-Sjeba frå lengst nord til lengst sør i Juda. Geba låg nord for Jerusalem. Så flytte Josjia alle prestane inn frå byane i Juda. Og offerhaugane der prestane tende offereld, gjorde han ureine, frå Geba til Beer-Sjeba. Han reiv òg heilagstadene ved byporten, som låg ved porten til bykommandanten Josva, til venstre når ein går inn gjennom byporten. 9Dei som hadde vore prestar på offerhaugane, fekk ikkje bera fram offer på Herrens altar i Jerusalem. Men dei fekk eta usyra brød saman med brørne sine. 10#23,10 Tofet ein stad i Hinnom-dalen, der folk etter kanaaneisk skikk ofra born. Jf. Jer 7,31; 19,5 =framande gudar, Molok. la … gå gjennom elden >16,3. Også Tofet i Hinnom-dalen gjorde Josjia ureint. Ingen skulle la son sin eller dotter si gå gjennom elden for Molok. 11Han fekk bort dei hestane som Juda-kongane hadde vigsla til sola; dei stod ved inngangen til Herrens hus, ved kammeret til hoffmannen Natan-Melek i føregarden. Solvognene òg brende han opp.
12 # 2 Krøn 30,14 Kongen reiv ned altara på taket, takheilagdomen til Ahas, som Juda-kongane hadde reist, og dei altara som Manasse hadde bygd i begge føregardane til Herrens hus. Han slo dei sund og kasta støvet ut i Kedron-dalen. 13#23,13 Øydeleggingsberget nedsetjande namn på høgda beint sør for Oljeberget, der Salomo hadde bygd heilagdomar for =framande gudar. Jf. 1 Kong 11,5–7. Også offerhaugane som vende mot Jerusalem, på sørsida av Øydeleggingsberget, gjorde kongen ureine. Det var Salomo, Israels konge, som hadde bygd dei for Astarte, den motbydelege gudinna til folket i Sidon, for Kemosj, den motbydelege guden til Moab, og for Milkom, den avskyelege guden til ammonittane. 14#23,14 menneskeknoklar gjorde staden urein. Jf. 4 Mos 19,11ff. Josjia slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. Staden der dei hadde stått, fylte han med menneskeknoklar.
15 # 1 Kong 12,32 I Betel reiv han ned altaret og offerhaugen som Jeroboam, son til Nebat, hadde bygd, han som fekk Israel til å synda. Både altaret og haugen vart jamna med jorda. Så knuste han steinane til støv og brende Asjera-pålen. 16#1 Kong 13,1ff Då Josjia snudde seg, fekk han auge på gravene som var der i fjellet. Han sende folk av stad for å ta knoklane ut av gravene. Han brende dei på altaret, og slik gjorde han altaret ureint. Såleis vart det oppfylt, det ordet frå Herren som gudsmannen ropa ut då han kunngjorde at dette skulle henda. 17#1 Kong 13,30ff Så spurde kongen: «Kva er det for ein gravstein eg ser der borte?» Mennene i byen svara: «Det er grava til den gudsmannen som kom frå Juda og varsla det som du no har gjort med altaret her i Betel.» 18Då sa kongen: «Lat han kvila i fred! Ingen må flytta knoklane hans.» Dei lèt knoklane hans liggja urørte, og like eins knoklane til profeten som var komen frå Samaria.
19I byane i Samaria fjerna Josjia alle heilagdomane på offerhaugane, dei som kongane i Israel hadde bygd og slik gjort Herren rasande. Han gjorde med dei i eitt og alt slik han hadde gjort i Betel. 20#2 Krøn 34,5f På altara slakta han alle prestane som var på offerhaugane der, og han brende menneskeknoklar. Så vende han heim att til Jerusalem.
21 # 2 Krøn 35,1ff Kongen gav heile folket dette bodet: «Hald påske for Herren dykkar Gud slik det står skrive i denne paktboka.» 22#2 Krøn 35,18 For ei slik påskehelg hadde ikkje vorte halden sidan den tid då dommarane styrte i Israel, ikkje så lenge det hadde vore kongar i Israel og Juda. 23Det var først i det attande styringsåret til Josjia at dei heldt denne påskehelga for Herren i Jerusalem.
24 # 23,24 terafane hebr. terafim, små gudebilete eller heilage gjenstandar som familien eigde. Dei kunne m.a. nyttast når ein ville ta varsel. Jf. 1 Mos 31,19; Dom 18; Esek 21,26. Josjia utrydda åndemanarane og spåmennene, terafane og avgudane og alle ufyselege gudebilete som var å sjå i Juda og Jerusalem. Slik ville han halda lovboda som stod skrivne i den bokrullen presten Hilkia hadde funne i Herrens hus. 25Det hadde aldri før vore nokon konge som Josjia. Ingen hadde på den måten vendt om til Herren av heile sitt hjarte og heile si sjel og av all si makt, heilt som Moselova krev. Og heller ikkje seinare stod det fram nokon konge som han.
26 # 21,3ff Likevel trekte ikkje Herren attende sin veldige og glødande vreide som hadde flamma opp mot Juda fordi Manasse gjorde Gud rasande gong på gong. 27#1 Kong 8,29+Herren sa: «Juda vil eg òg driva bort frå mitt andlet, slik eg dreiv Israel bort. Eg vil vraka Jerusalem, denne byen eg valde ut, og det tempelet der eg har sagt at namnet mitt skal bu.» 28Det som elles er å seia om Josjia og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
29 # 2 Krøn 35,20ff I Josjias dagar drog farao Neko, kongen i Egypt, opp mot assyrarkongen og rykte fram til elva Eufrat. Kong Josjia drog ut imot han, men farao Neko drap han ved Megiddo med det same han fekk sjå han. 30#2 Krøn 36,1ff; Jer 22,11 Mennene til Josjia køyrde den døde kongen bort frå Megiddo. Dei førte han til Jerusalem og gravla han der. Folket i landet tok Joahas, son til Josjia, salva han og gjorde han til konge etter faren.
Kongane Joahas og Jojakim
31 # 24,18 Joahas var tjuetre år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna. 32Joahas gjorde det som vondt var i Herrens auge, heilt og fullt slik fedrane hans hadde gjort. 33#Esek 19,4#23,33 Ribla by ved Orontes-elva, i aramearriket Hamat, nord for Damaskus. ein talent ca. 34,2 kg. Farao Neko tok han til fange i Ribla i Hamat-landet så han ikkje kunne styra i Jerusalem lenger. Og av landet kravde han ei bot på hundre talentar sølv og ein talent gull. 34#Jer 22,12#23,34 Eljakim Namnet tyder «Gud reiser opp». Jojakim Namnet tyder «Herren reiser opp». Så sette farao Neko Eljakim, son til Josjia, til konge etter faren og endra namnet hans til Jojakim. Joahas tok han med seg til Egypt, og der døydde han.
35 # 15,20 Jojakim betalte sølvet og gullet til farao. Men han laut leggja ein skatt på landet for å betala den summen farao kravde. Han dreiv inn sølvet og gullet hos folket i landet etter som kvar var ilikna, og gav det til farao Neko. 36#2 Krøn 36,5ff Jojakim var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Sebuda og var dotter til Pedaja frå Ruma. 37Jojakim gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt slik fedrane hans hadde gjort.

Currently Selected:

2. Kongebok 23: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy