YouVersion Logo
Search Icon

1. Tessalonikar 2

2
Paulus i Tessalonika
1 # 1,5.9 De veit sjølve, sysken, at det ikkje var fåfengt at de tok imot oss. 2#2,2 mishandla i Filippi Hendinga er skildra i Apg 16,16–40. Byen Filippi ligg ca. 13 mil aust for Tessalonika. Endå vi, som de veit, nett hadde lide vondt og vorte mishandla i Filippi, fekk vi i vår Gud frimod til å tala Guds evangelium til dykk, endå det var hard motstand. 3#2 Kor 4,2 Det ligg ikkje villfaring bak forkynninga vår, heller ikkje ureine motiv, og vi fer ikkje med svik. 4#Gal 1,10; 1 Tim 1,11 Nei, vi har vorte prøvde av Gud og er tiltrudde evangeliet. Difor talar vi som vi gjer, ikkje for å gjera menneske til lags, men Gud, han som prøver hjarta våre. 5#Apg 20,33 For vi kom ikkje med smigrande ord, som de veit, og heller ikkje med baktankar om eiga vinning. Gud er vårt vitne. 6#Joh 5,41.44 Vi søkte ikkje ære hos menneske, verken hos dykk eller andre, 7#2,7 Kristi apostlar utsendingar med fullmakt til å tala på vegner av herren sin, Kristus. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut, men òg om somme andre. Apostlane hadde m.a. rett til å bli sørgde for når dei vitja ei forsamling. Jf. 1 Kor 9,3–14. var vi som spedborn mellom dykk Nokre handskrifter har «var vi milde mot dykk». amme Å ha ei amme for borna sine var nokså vanleg i antikken. Tanken bak biletet er truleg at ei amme som viser omsorg for borna til andre ved å gje dei mjølk, vil vera endå meir omsorgsfull når ho steller sine eigne born. endå vi som Kristi apostlar kunne ha vore myndige. I staden var vi som spedborn mellom dykk, som når ei amme steller med sine eigne born, 8#2 Kor 12,15 slik hadde vi vorte inderleg glade i dykk og ville gjerne gje dykk ikkje berre Guds evangelium, men òg vårt eige liv. Så kjære var de for oss. 9#Apg 18,3; 20,33ff; 1 Kor 4,12; 2 Tess 3,8 For de hugsar, sysken, kva slit og strev vi hadde. Vi forkynte Guds evangelium for dykk, og samtidig arbeidde vi natt og dag så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk. 10De kan vitna, og Gud like eins, at vi har ferdast mellom dykk truande på heilagt, ærleg og ulasteleg vis. 11#1 Kor 4,14f De veit òg at vi var som ein far mot borna sine mot kvar og ein av dykk: 12#Ef 4,1; Fil 1,27; Kol 1,10 Vi formana, oppmoda og bad dykk inderleg at de skulle ferdast slik det er verdig for Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom.
13 # 1 Kor 15,1+; Gal 1,11f; Fil 2,13; 1 Tess 1,2; Hebr 4,12 Difor takkar vi stadig Gud, for då de fekk overlevert det Guds ord som vi forkynte for dykk, tok de imot det – ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er. Dette ordet verkar med kraft i dykk som trur. 14#2,14–16 jødane Paulus bruker her sterke ord om jødane. I Rom 9–11 gjer Paulus grundig og prinsipielt greie for korleis han forstår Israel som Guds folk. For de, sysken, har etterlikna Guds forsamlingar i Judea, dei som er i Kristus Jesus. De har måtta tola det same av dykkar landsmenn som dei har måtta tola av jødane, 15#Matt 23,34; Apg 2,23; 7,52 dei som drap Herren Jesus og profetane og forfølgde oss. Dei er ikkje til glede for Gud og står alle menneske imot. 16#Matt 23,32f For dei hindrar oss i å tala til heidningane så dei kan bli frelste, og slik fyller dei opp med synd på synd. Men til sist har vreiden nådd dei.
Paulus vil på nytt til Tessalonika
17 # Rom 1,11; 1 Tess 3,10 Ei lita stund, sysken, var vi skilde frå dykk, som born frå foreldra sine. De var ute av auga, men ikkje av hjartet. Men vi lengta etter dykk og fekk meir og meir lyst til å sjå dykk andlet til andlet, 18#2,18 Satan =djevelen. og difor ville vi koma til dykk. Eg, Paulus, freista både ein og to gonger, men Satan hindra oss. 19#1 Kor 9,25+; 2 Kor 1,14; Fil 2,16; 2 Tess 1,4#2,19 sigerskrans kransen vinnarane fekk i ein idrettskonkurranse. For kven skal vera vår von, vår glede og vår sigerskrans om ikkje de, den dagen vår Herre Jesus kjem og vi står for hans andlet? 20Ja, de er vår ære og vår glede!

Currently Selected:

1. Tessalonikar 2: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy