YouVersion Logo
Search Icon

1. Tessalonikar 3

3
1 # Apg 17,15 Då vi ikkje kunne halda dette ut lenger, ville vi heller vera att åleine i Aten, 2#1 Tim 1,2+#3,2 Guds medarbeidar Andre handskrifter har «Guds tenar». og vi sende Timoteus til dykk, vår bror og Guds medarbeidar i tenesta for Kristi evangelium. Han skulle styrkja dykk i trua og setja mot i dykk, 3#2 Tim 3,12 så ingen skulle vakla under denne motgangen. For de veit sjølve at dette er lagt på oss. 4#Apg 14,22 Då vi var hos dykk, sa vi på førehand at vi kom til å møta motgang, og som de veit, gjekk det slik. 5#Fil 2,16 Og fordi eg ikkje heldt det ut lenger, sende eg han av stad for å få vita korleis det stod til med trua dykkar, om freistaren hadde greidd å freista dykk så arbeidet vårt var nyttelaust.
6 # Apg 18,5 Men no er Timoteus nett attkomen frå dykk med godt nytt om dykkar tru og kjærleik. Han fortel at de alltid minnest oss med glede og lengtar etter å sjå oss att, liksom vi lengtar etter dykk. 7Slik har vi no, sysken, vorte trøysta ved dykkar tru i all vår motgang og naud. 8Og no lever vi, når de står faste i Herren. 9Korleis kan vi så takka Gud for dykk som vi burde, takka for all den gleda som fyller oss for Guds andlet, den gleda som de har gjeve oss? 10#2,17 Natt og dag bed vi inderleg om å få sjå dykk att, andlet til andlet, og bøta på det som enno manglar i trua dykkar.
11Må Gud sjølv, vår Far, og Jesus, vår Herre, styra vår veg til dykk! 12#4,10; 2 Tess 1,3 Og måtte Herren la dykkar kjærleik til kvarandre og til alle menneske få veksa og bli overstrøymande rik, slik som vår kjærleik til dykk! 13#1 Kor 1,8; Fil 1,10; 2 Tess 1,7.10#3,13 alle sine heilage her englane. Amen Ordet manglar i mange handskrifter. Slik skal han styrkja hjarta dykkar, så de skal stå ulastelege og heilage for Gud, vår Far, når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage. {{Amen.}}

Currently Selected:

1. Tessalonikar 3: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy