YouVersion Logo
Search Icon

1. Kongebok 18

18
Elia og borgherren Obadja
1 # Jak 5,18 Så gjekk det lang tid. I det tredje året kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: «Gå og stig fram for Ahab! Eg vil senda regn over jorda.» 2Elia gjekk i veg og steig fram for Ahab.
Det var stor hungersnaud i Samaria. 3Då kalla Ahab til seg Obadja, som var borgherre. Obadja hadde stor age for Herren. 4Den gongen Jesabel ville rydda ut Herrens profetar, tok han hundre profetar og løynde dei i to hòler, femti i kvar hòle, og sytte for mat og drikke til dei. 5No sa Ahab til han: «Kom, lat oss fara gjennom landet, til alle kjelder og bekker! Kanskje vi finn gras så vi kan halda liv i hestar og muldyr og slepp å slakta noko av buskapen.» 6Så delte dei landet mellom seg; dei skulle fara gjennom det kvar for seg. Ahab fór éin veg og Obadja ein annan.
7Medan Obadja var på vegen, fekk han sjå Elia, som kom imot han. Obadja kjende han att, kasta seg ned med andletet mot jorda og sa: «Er det verkeleg du, min herre Elia?» 8Han svara: «Ja, det er eg. Gå og sei til herren din at Elia er her.» 9Men Obadja sa: «Kva synd har eg gjort sidan du gjev din tenar i hendene på Ahab og lèt han drepa meg? 10Så sant Herren din Gud lever: Det finst ikkje det folk eller rike som min herre ikkje har sendt bod til for å spørja etter deg. Når dei så sa: Han er ikkje her, lét han desse rika og folka sverja på at dei ikkje kunne finna deg. 11Og no seier du at eg skal gå og seia til min herre at Elia er her! 12#2 Kong 2,16 Når eg no går frå deg, rykkjer Herrens ande deg bort til ein stad eg ikkje veit om. Kjem eg så og fortel dette til Ahab og han ikkje finn deg, drep han meg. Og eg, tenaren din, har då frykta Herren heilt frå ungdomen av. 13Har ingen fortalt, herre, kva eg gjorde den gongen Jesabel drap Herrens profetar? Eg løynde dei, hundre i talet, femti mann i kvar hòle, og sytte for mat og drikke til dei. 14Og no seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her. Då drep han meg!» 15Då sa Elia: «Så sant han lever, han som eg tener, Herren over hærskarane: I dag skal eg stiga fram for kongen.»
Elia på Karmel
16Obadja gjekk til Ahab og fortalde han dette. Ahab gjekk så for å møta Elia. 17Med det same Ahab vart vâr Elia, sa han: «No, der er du, du som fører ulukke over Israel!» 18#16,31ff Elia svara: «Det er ikkje eg som fører ulukke over Israel, men du og huset til far din. De har vendt dykk frå Herrens bod og følgt Baal-gudane. 19Men send no bod ikring og kall heile Israel saman hos meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Baal-profetane og dei fire hundre Asjera-profetane som får mat ved Jesabels bord!» 20Så sende Ahab bod ikring til alle israelittane og kalla profetane saman på Karmel-fjellet.
21 # Jos 24,15; Dom 6,31 Elia steig fram for heile folket og sa: «Kor lenge vil de halta til begge sider? Er Herren Gud, så hald dykk til han, og er Baal Gud, så hald dykk til han!» Men folket svara ikkje eit ord. 22#19,10 Då sa Elia til dei: «Eg er den einaste som er att av Herrens profetar. Men av Baal-profetane er det fire hundre og femti. 23Lat oss no få to oksar! Så kan dei velja seg den eine oksen, dela han opp og leggja han på veden; men de må ikkje tenna på. Og eg skal stella til den andre oksen og leggja han på veden, men ikkje kveikja eld. 24Så kan de kalla på guden dykkar ved namn, og eg vil kalla på Herren ved namn. Den guden som då svarar med eld, han er Gud.» Heile folket svara: «Godt, lat det vera så!» 25Då sa Elia til Baal-profetane: «Vel dykk ein av oksane og stell han til først, sidan de er flest! Kall så på guden dykkar, men kveik ikkje eld!» 26#Hab 2,19 Så tok dei den oksen han hadde gjeve dei, stelte han til og kalla på Baals namn frå morgon til middag. «Svar oss, Baal!» sa dei. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara. Imedan hinka og hoppa dei kring altaret dei hadde reist.
27Då det hadde vorte middag, hånte Elia dei og sa: «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått avsides eller er ute på reise. Kanskje han søv og må vakna.» 28#5 Mos 14,1 Så ropa dei endå høgare og rispa seg med sverd og spyd, som dei hadde for vane, til blodet rann nedover dei. 29#Sal 115,5ff#18,29 grødeofferet vart frambore både morgon og kveld, jf. 2 Kong 3,20; 16,15. Her gjeld det kveldsofferet. Då det leid over middag, tok dei til å tala over seg. Slik heldt dei på til den tid grødeofferet blir bore fram. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara og ingen som ensa dei.
30Då sa Elia til folkemengda: «Kom hit til meg!» Og heile folket gjekk bort til han. Så sette han i stand igjen Herrens altar, som var nedrive. 31#1 Mos 32,28; Jos 4,5.20 Han tok tolv steinar, ein for kvar av stammane etter sønene til Jakob, han som Herren hadde tala dette ordet til: «Israel skal namnet ditt vera.» 32#18,32 to sea ca. 24 l. Av desse steinane bygde han eit altar i Herrens namn. Og rundt ikring altaret grov han ei grøft som svara til ein åker som tek to sea såkorn. 33Han la veden til rette, delte opp oksen og la han oppå veden. 34Så sa han: «Fyll fire krukker med vatn og aus det ut over brennofferet og veden!» Og han sa: «Gjer det ein gong til!» Så gjorde dei det andre gongen. Då sa han: «Gjer det endå ein gong!» Så gjorde dei det tredje gongen. 35Vatnet rann rundt ikring altaret. Til og med grøfta fylte han med vatn.
36Då tida for grødeofferet var komen, steig profeten Elia fram og sa: «Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det i dag bli kjent at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg har gjort alt dette. 37Svar meg, Herre! Svar meg, så dette folket skjønar at du, Herre, er Gud, og at du har vendt hjartet deira til deg igjen.» 38#3 Mos 9,24; 2 Krøn 7,1 Då fór Herrens eld ned og øydde både brennofferet og veden, steinane og jorda, og sleikte opp vatnet som var i grøfta. 39#Sak 13,9 Då folket såg det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!» 40#5 Mos 13,5; 2 Kong 10,25 Elia sa til dei: «Ta Baal-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Baal-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der.
41Sidan sa Elia til Ahab: «No kan du gå opp og eta og drikka; for eg høyrer susen av styrtregn.» 42Då gjekk Ahab opp for å eta og drikka. Og Elia steig opp på toppen av Karmel og bøygde seg mot jorda med andletet mellom knea. 43Så sa han til tenaren sin: «Gå opp og sjå ut mot havet!» Guten gjekk opp og såg utover, men sa: «Det er ingenting å sjå.» Sju gonger sa Elia: «Gå opp att!» 44Sjuande gongen sa guten: «Eg ser ei lita sky, ikkje større enn ei menneskehand, stiga opp av havet.» Då sa Elia: «Gå og sei til Ahab at han må spenna føre og fara heim, så ikkje regnet skal hefta han!» 45#18,45 Jisreel by ved foten av Gilboa-fjellet, residensby for Ahab (attåt Samaria, 21,18). I mellomtida mørkna himmelen til med skyer og vind, og det kom stridregn. Ahab steig opp i vogna si og køyrde til Jisreel. 46Men Herrens hand kom over Elia. Han batt opp kjortelen og sprang føre Ahab heilt til Jisreel.

Currently Selected:

1. Kongebok 18: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy