YouVersion Logo
Search Icon

1. Kongebok 17

17
Elia og ramnane
1 # Luk 4,25; Jak 5,17 # 17,1 Tisjbe stad i Gilead, aust for Jordan. Elia frå Tisjbe, ein av innbyggjarane i Gilead, sa til Ahab: «Så sant Herren, Israels Gud, lever, han som eg tener: Dei første åra skal det korkje koma dogg eller regn utan på mitt ord.»
2Då kom Herrens ord til Elia: 3«Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg ved bekken Kerit, aust for Jordan! 4Der skal du drikka av bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat til deg.» 5Så gjekk han og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til bekken Kerit, aust for Jordan, og slo seg ned der. 6Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk av bekken.
Elia og enkja i Sarepta
7Då det leid av ei tid, tørka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet. 8Då kom Herrens ord til Elia: 9#Luk 4,26#17,9 Sarepta by i Fønikia, sør for Sidon. «Stå opp, gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og slå deg ned der! Eg har sagt til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat til deg.»
10Straks gjekk Elia av stad til Sarepta og kom til byporten. Nett då var det ei enkje der som sanka ved. Han ropa til henne og sa: «Du må henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!» 11Då ho gjekk for å henta det, ropa han etter henne: «Du må òg ta med eit stykke brød til meg!» 12#2 Kong 4,2 Ho svara: «Så sant Herren din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødleiv, berre ein neve mjøl i krukka og litt olje i mugga. No går eg her og sankar eit par vedpinnar, og så vil eg gå heim og laga noko til meg og son min. Når vi har ete det, kan vi leggja oss til å døy.» 13Elia sa til henne: «Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak først ein liten brødleiv til meg av mjølet, og kom ut til meg med han! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din. 14For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje bli tom, og det skal ikkje mangla olje i mugga til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda.» 15Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og både ho og han og heile hennar hus hadde mat i lang tid. 16Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen i mugga tok ikkje slutt. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia.
Elia vekkjer opp son til enkja
17Etter at dette hende, vart son til kvinna som eigde huset, sjuk. Og sjukdomen tok han så hardt at det til sist ikkje var livspust i han. 18Då sa ho til Elia: «Kva har eg med deg å gjera, gudsmann? Du er komen til meg for å minna meg om synda mi og få sonen min til å døy.» 19Han svara: «Gjev meg sonen din!» Så tok han guten frå fanget hennar, bar han opp på takkammeret der han budde, og la han på senga si. 20Han ropa til Herren og sa: «Herre, min Gud! Vil du verkeleg gjera så vondt mot denne enkja som eg får bu hos, at du lèt son hennar døy?» 21#2 Kong 4,34; Apg 20,10 Så strekte han seg tre gonger ut over barnet og ropa til Herren: «Herre, min Gud! Lat barnet få livet att!» 22Herren høyrde bøna til Elia. Og guten fekk att livet; han vart levande att. 23#Luk 7,15; Joh 4,50 Elia tok barnet og bar det frå takkammeret og ned i huset. Han gav det til mora og sa: «Sjå, son din lever!» 24Då sa kvinna til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herrens ord i din munn er sanning.»

Currently Selected:

1. Kongebok 17: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy