1
Ordtaka 12:25
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Bibel1978
Sorg og sut gjer mannen tung om hjarta, men gode ord gjer han glad.
Compare
Explore Ordtaka 12:25
2
Ordtaka 12:1
Den som elskar tukt, elskar kunnskap, dum er den som mislikar refsing.
Explore Ordtaka 12:1
3
Ordtaka 12:18
Tankelaus tale stikk som sverd, men vismenn har lækjedom på tunga.
Explore Ordtaka 12:18
4
Ordtaka 12:15
Dåren held sin eigen veg for den rette, men vis er den som høyrer på råd.
Explore Ordtaka 12:15
5
Ordtaka 12:16
Når dåren er arg, vert det kjent på dagen, klok er den som teier når han vert krenkt.
Explore Ordtaka 12:16
6
Ordtaka 12:4
Dugande kone er ei krone for mannen, duglaus kvinne er som verk i hans bein.
Explore Ordtaka 12:4
7
Ordtaka 12:22
Herren styggjest ved den som har lygn på lippene, men har godhug for dei som fer ærleg fram.
Explore Ordtaka 12:22
8
Ordtaka 12:26
Den rettferdige rettleier sin neste, men vegen dei gudlause går, fører vilt.
Explore Ordtaka 12:26
9
Ordtaka 12:19
Den som talar sant, står seg for alltid, men lygnaren berre ei lita stund.
Explore Ordtaka 12:19