1
Ordtaka 11:25
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Bibel1978
Den som spreier velsigning, trivst, den som livar opp andre, vert oppliva sjølv.
Compare
Explore Ordtaka 11:25
2
Ordtaka 11:24
Éin strøyer ut og får likevel meir, ein annan er gjerrig og må endå lida naud.
Explore Ordtaka 11:24
3
Ordtaka 11:2
Med hovmod fylgjer skam, men dei audmjuke har visdom.
Explore Ordtaka 11:2
4
Ordtaka 11:14
Eit folk utan klokt styre fell, når mange gjev gode råd, kan det bergast.
Explore Ordtaka 11:14
5
Ordtaka 11:30
Rettferds frukt er som livsens tre, men valdsferd gjer ende på liv.
Explore Ordtaka 11:30
6
Ordtaka 11:13
Den som baktalar, spreier løyndomar, ein påliteleg mann held saka for seg sjølv.
Explore Ordtaka 11:13
7
Ordtaka 11:17
Den som er velviljug, har gagn av det, den som er hardhjarta, skader seg sjølv.
Explore Ordtaka 11:17
8
Ordtaka 11:28
Den som lit på sin rikdom, fell, dei rettferdige er som lauvet når det sprett.
Explore Ordtaka 11:28
9
Ordtaka 11:4
Gods gagnar ikkje på vreidedagen, men rettferd bergar frå døden.
Explore Ordtaka 11:4
10
Ordtaka 11:3
Dei ærlege har si rettvise til førar, men uærlegdom gjer ende på svikarane.
Explore Ordtaka 11:3
11
Ordtaka 11:22
Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinne utan vit.
Explore Ordtaka 11:22
12
Ordtaka 11:1
Falsk vekt er ein styggedom for Herren, men han gleder seg over fullvektige lodd.
Explore Ordtaka 11:1