1
Ordtaka 13:20
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Bibel1978
Den som held lag med vismenn, vert vis, men dårars ven går det ille.
Compare
Explore Ordtaka 13:20
2
Ordtaka 13:3
Den som aktar sin munn, tek vare på livet, den som er stor i munnen, skader seg sjølv.
Explore Ordtaka 13:3
3
Ordtaka 13:24
Den som sparer på riset, hatar son sin, den som elskar han, tuktar han tidleg.
Explore Ordtaka 13:24
4
Ordtaka 13:12
Langvarig venting gjer vondt i hjarta, som eit livsens tre er eit oppfylt ynske.
Explore Ordtaka 13:12
5
Ordtaka 13:6
Rettferd vernar den som er heil i si ferd, men gudløyse fører ein syndar til fall.
Explore Ordtaka 13:6
6
Ordtaka 13:11
Lettvunnen rikdom minkar snart, den som samlar litt etter litt, får mykje.
Explore Ordtaka 13:11
7
Ordtaka 13:10
Hovmod fører berre til trette, kloke er dei som tek imot råd.
Explore Ordtaka 13:10
8
Ordtaka 13:22
Ein god mann lèt etter seg arv til barneborn, men det syndaren eig, er spart til den rettvise.
Explore Ordtaka 13:22
9
Ordtaka 13:1
Ein klok son lèt seg aga av far sin, men spottaren høyrer ikkje på skjenn.
Explore Ordtaka 13:1
10
Ordtaka 13:18
Armod og skam får den som ikkje vil vita av tukt, men ære får den som aktar på refsing.
Explore Ordtaka 13:18