1
Romarane 6:23
Bibel 2011 - Bibelselskapet
Bibel2011
For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.
Linganisha
Chunguza Romarane 6:23
2
Romarane 6:14
Synda skal ikkje vera herre over dykk. For de er ikkje under lova, men under nåden.
Chunguza Romarane 6:14
3
Romarane 6:4
Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv.
Chunguza Romarane 6:4
4
Romarane 6:13
Og byd ikkje lemene dykkar fram til teneste for synda, som våpen for uretten. Men byd dykk sjølve og lemene dykkar fram til teneste for Gud, som våpen for det som er rett. For de var døde og har fått liv.
Chunguza Romarane 6:13
5
Romarane 6:6
Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den kroppen som er underlagd synda, skulle gjerast til inkjes og vi ikkje lenger skulle vera slavar under synda.
Chunguza Romarane 6:6
6
Romarane 6:11
På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.
Chunguza Romarane 6:11
7
Romarane 6:1-2
Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda så nåden kan bli så mykje større? Langt ifrå! Korleis kan vi som har døydd bort frå synda, framleis leva i henne?
Chunguza Romarane 6:1-2
8
Romarane 6:16
Veit de ikkje at når de byd dykk fram som slavar for nokon og lyder han, då er de verkeleg slavar under den som rår over dykk? De blir anten slavar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd.
Chunguza Romarane 6:16
9
Romarane 6:17-18
Men Gud vere takk! De som før var slavar under synda, har no av hjartet vorte lydige mot den læra som de vart overgjevne til. De vart sette fri frå synda og er slavar for rettferda
Chunguza Romarane 6:17-18
Nyumbani
Biblia
Mipango
Video