4. Mosebok 2
2
Herren segjer fyre korleis Israels-borni skal lægra seg kringum heilagdomen etter sine ætter, 1-34.
1Og Herren tala til Moses og Aron og sa: 2Israels-borni skal lægra seg kringum møtetjeldet, eit stykke ifrå, kvar innmed si fana og under sitt ætte-hermerke. 3På framsida, mot aust, skal Juda-heren liggja, flokk i flokk, under fana si. Hovdingen yver Juda-borni er Nahson, son åt Amminadab; 4og flokken hans, dei som er mynstra, er fire og sytti tusund og seks hundrad mann. 5Jamsides med dei skal Issakars-ætti lægra seg. Hovdingen yver Issakars-borni er Netanel, son åt Suar; 6og flokken hans, dei som er mynstra, er fire og femti tusund og fire hundrad mann. 7Like eins Sebulons-ætti. Hovdingen yver Sebulons-borni er Eliab, son åt Helon; 8og flokken hans, dei som er mynstra, er sju og femti tusund og fire hundrad mann. 9Heile hermakti som er mynstra i Judalægret, er hundrad og seks og åtti tusund og fire hundrad mann. Dei skal vera fremst i ferdi når de tek ut. 10På sudsida skal Rubens-heren lægra seg under fana si, flokk i flokk. Hovdingen yver Rubens-borni er Elisur, son åt Sede'ur; 11og flokken hans, dei som er mynstra, er seks og fyrti tusund og fem hundrad mann. 12Jamsides med dei skal Simeons-ætti liggja. Hovdingen yver Simeons-borni er Selumiel, son åt Surisaddai; 13og flokken hans, dei som er mynstra, er ni og femti tusund og tri hundrad mann. 14Like eins Gads-ætti. Hovdingen yver Gads-borni er Eljasaf, son åt Re'uel; 15og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann. 16Heile hermakti som er mynstra i Rubenslægret, er hundrad og ein og femti tusund og fire hundrad og femti mann; dei skal vera i andre fylkingi når de tek på vegen. 17Møtetjeldet og Levilægret skal vera midt imillom lægri kvar gong de tek ut; som dei hev lægra seg, so skal dei fara i veg, kvar på sin stad og under si fana. 18På vestsida skal Efra'ims-heren lægra seg under fana si, flokk i flokk. Hovdingen yver Efra'ims-borni er Elisama, son åt Ammihud; 19og flokken hans, dei som er mynstra, er fyrti tusund og fem hundrad mann. 20Jamsides med dei skal Manasse-ætti liggja. Hovdingen yver Manasse-borni er Gamliel, son åt Pedasur; 21og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann. 22Like eins Benjamins-ætti. Hovdingen yver Benjamins-borni er Abidan, son åt Gideoni; 23og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og tretti tusund og fire hundrad mann. 24Heile hermakti som er mynstra i Efra'imslægret, er hundrad og åtte tusund og eitt hundrad mann. Dei skal vera i tridje fylkingi so ofte de fer av stad. 25Mot nord skal Dans-heren lægra seg under fana si, flokk i flokk. Hovdingen yver Dans-borni er Akieser, son åt Ammisaddai; 26og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og seksti tusund og sju hundrad mann. 27Jamsides med dei skal Asers-ætti liggja. Hovdingen yver Asers-borni er Pagiel, son åt Okran; 28og flokken hans, dei som er mynstra, er ein og fyrti tusund og fem hundrad mann. 29Like eins Naftali-ætti. Hovdingen yver Naftali-borni er Akira, son åt Enan; 30og flokken hans, dei som er mynstra, er tri og femti tusund og fire hundrad mann. 31Heile hermakti som er mynstra i Danslægret, er hundrad og sju og femti tusund og seks hundrad mann. Dei skal vera attarst i ferdi under fanone sine kvar gong de tek i veg. 32Dette var dei av Israels-borni som vart mynstra, kvar etter si ætt; i alt var det seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann som var mynstra i lægri, flokk etter flokk.#4 Mos 1,46-54 33Men Levitane vart ikkje mynstra saman med hine Israels-borni; for det hadde Herren sagt med Moses at han ikkje skulde gjera. 34Og Israels-borni gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt Moses fyre; soleis lægra dei seg under fanone sine, og soleis drog dei fram, kvar etter si ætt og med sine frendar.
Currently Selected:
4. Mosebok 2: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2