Jakob 5
5
Åtvaring til dei som hev si gleda i godset sitt: Domen stend for døri, og då skal både skattane deira og dei sjølve øydeleggjast for deira syndige åtferd skuld, 1-6. Dei kristne som vert plaga, skal vera langmodige, ikkje hemngjeruge, men tolmodige i liding som profetane og Job, ikkje hardnakka halda på sin rett og bruka eidar til å gjeva ordi sine vekt, når nokon krenkjer dei, 7-12; dei skal beda og lata andre beda for seg, 13-15, sanna syndene for kvarandre, 16-18, sjå til å umvenda dei som er på rang veg, 19.20.
1Og no, de rike, gråt og barma dykk for dei ulukkone som skal koma yver dykk!#Sal 49,7; Ordt 11,28; Luk 6,24; 1 Tim 6,9 2Rikdomen dykkar er rotna, og klædi dykkar er mòl-etne;#Matt 6,19 3gullet og sylvet dykkar er burtrusta, og rusti på det skal vera til vitne imot dykk og eta dykkar kjøt som ein eld. De hev sanka skattar i dei siste dagane! 4Sjå, den løni de hev halde att for dei arbeidarar som hev skore åkrane dykkar, ho ropar, og ropet frå skurdfolket er kome inn for Herren Sebaots øyro.#3 Mos 19,13; 5 Mos 24,14-15 5De hev levt på jordi i kjæla og etter lystene dykkar; de hev gjødt hjarto dykkar på slaktardagen!#Sal 17,14; Job 21,13; Luk 16,19.25; Jer 12,3 6De hev domfelt og drepe den rettferdige; ingen gjer motstand mot dykk. 7Ver då tolmodige, brør, til Herren kjem! Sjå bonden ventar på den dyre avlingi av jordi og stundar tolmodeleg på henne, til ho fær haustregn og vårregn.#Luk 21,19; Hebr 10,36; 3 Mos 26,4-5; 5 Mos 11,14 8Ver de og tolmodige og styrk hjarto dykkar! for Herrens tilkoma er nær.#1 Kor 10,11; Fil 4,5 9Sukka ikkje mot kvarandre, brør, so de ikkje skal verta dømde! Sjå, domaren stend for døri!#Matt 24,33 10Mine brør, tak profetane, som tala i Herrens namn, til fyredøme på lida vondt og vera tolmodige!#Matt 5,12 11Sjå, me prisar dei sæle som lid tolmodeleg. De hev høyrt um Jobs tolmod og set endelykti frå Herren; for Herren er inderleg miskunnsam og mild.#Matt 24,13; Job 1,21-22; 42,10; Sal 103,8 12Men framfor alt, brør, sver ikkje, korkje ved himmelen eller ved jordi eller nokon annan eid! Med lat dykkar ja vera ja og dykkar nei vera nei, so de ikkje skal falla inn under domen!#Matt 5,34-41 13Lid nokon av dykk vondt, han bede! er nokon ved godt mod, han lovsyngje.#Ef 5,19; Kol 3,16 14Er nokon av dykk sjuk, han kalle til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal beda yver han og salva han med olje i Herrens namn;#Mark 6,13 15og den bøni av tru skal hjelpa den sjuke, og Herren skal reisa han upp; og hev han gjort synder, skal dei verta han forlatne.#Sal 30,3 16Sanna då syndene dykkar for kvarandre og bed for kvarandre, so de kann verta lækte! Rettferdig manns bøn hev stor makt i sin verknad.#4 Mos 5,6-7; Ordt 15,29 17Elias var ein mann under same vilkår som me; og han bad at det ikkje skulde regna, og det regnde ikkje på jordi på tri år og seks månader.#Apg 14,15; 1 Kong 17,1; Luk 4,25 18Og han bad på nytt, og himmelen gav regn, og jordi bar si grøda.#1 Kong 18,41-46 19Mine brør! Um nokon av dykk hev fare vilt frå sanningi, og nokon umvender han,#Matt 18,15; Gal 6,1; 1 Tess 5,14 20han skal vita at den som umvender ein syndar frå hans ville veg, han frelser ei sjel frå dauden og løyner ei mengd med synder.#Ordt 10,12; 1 Pet 4,8
Currently Selected:
Jakob 5: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: