Jakob 4
4
Dei kjøtlege lystene valdar strid, hindrar bønhøyring og gjer oss til Guds fiendar, 1-4. Gud toler ikkje at me i ovmod byter hjarta vårt millom han og verdi, 5.6; difor skal me audmykja oss under Gud, halda oss nær til han og standa den vonde imot, 7-10. Me skal ikkje baktala og døma kvarandre, 11.12, men koma i hug at det i alle ting spørst um kva Gud vil, 13-17.
1Kvar kjem all ufreden ifrå, og kvar kjem all striden ifrå millom dykk? Er det ikkje av lystene dykkar, som strider i lemene dykkar?#Rom 7,23; 1 Pet 2,11 2De lyster, og hev ikkje; de slær i hel og ovundast, og kann ikkje få; de ligg i strid og ufred. De hev ikkje, av di de ikkje bed; 3de bed og fær ikkje, av di de bed ille, so de kann øyda det upp i lystene dykkar.#Sal 66,18; Jes 1,15 4De utrugne! veit de ikkje at venskap med verdi er fiendskap mot Gud? Den som då vil vera ven med verdi, han vert Guds fiende.#Joh 15,19; 17,14; Gal 1,10 5Eller trur de at Skrifti talar fåfengt? Med brennhug trår han etter den åndi som han hev late bu i oss, men di større er den nåden som han gjev. 6Difor heiter det: Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.#Ordt 3,34; 29,23; Luk 14,11; 1 Pet 5,5 7Ver difor Gud undergjevne! Men statt djevelen imot, so skal han fly frå dykk!#1 Pet 5,9; 1 Joh 5,18; Ef 4,27; 6,12-20 8Haldt dykk nær til Gud, so skal han halda seg nær til dykk! Två hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga!#Sal 73,27; Sak 1,3; Jes 1,16 9Kjenn dykkar naud og syrg og gråt! Lat låtten dykkar vendast til sorg, og gleda til trege!#Matt 5,4; Luk 6,25 10Audmyk dykk for Herren, so han skal upphøgja dykk!#Jak 4,6 11Baktala ikkje kvarandre, brør! Den som baktalar ein bror eller dømer bror sin, han baktalar lovi og dømer lovi; men dømer du lovi, so er du ikkje ein som gjer etter lovi, men hennar domar.#3 Mos 19,16; Sal 15,3; 1 Pet 2,1; Matt 7,1; Rom 2,1 12EIN er lovgjevaren og domaren, han som er mektig til å frelsa og til å tyna. Men du, kven er du som dømer næsten din? 13Og no, de som segjer: I dag eller i morgon vil me fara til den byen og vera der eit år og handla og hava vinning,#Ordt 27,1; Luk 12,16-20 14de som ikkje veit kva som skal henda i morgon! For kva er livet dykkar? De er ein eim som er synleg ei liti stund og so kverv burt.#Jes 40,6 15I staden for at de skulde segja: Um Herren vil, so kjem me til å leva, og so skal me gjera det eller det.#Apg 18,21; 1 Kor 4,19 16Men no rosar de dykk sjølve i dykkar storlæte. All slik ros er vond. 17Den som då veit å gjera godt, men ikkje gjer det, han hev synd for det.#Luk 12,47
Currently Selected:
Jakob 4: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: