2. Mosebok 16
16
Israels-folket kjem til Sin-øydemarki; dei sukker for di dei ikkje hev kjøt og brød; Moses talar dei til for det; Herren sender enghønor ned i lægret og gjev dei manna; av mannaen sankar dei ein omer til manns fem dagar i vika, men sette dagen tvo omer åt kvar; for på sabbaten skal dei ikkje sanka noko, då skal dei halda helg, 1-30. Aron skal gøyma ein omer med manna til eit minne åt etterkomarane, 31-36.
1So tok dei ut att frå Elim, og femtande dagen i andre månaden etter at dei hadde fare frå Egyptarlandet, kom heile Israels-lyden til Sinøydemarki, som ligg millom Elim og Sinai. 2Medan dei var der i øydemarkene, tok heile Israels-lyden til å mukka mot Moses og Aron 3og sa: Det vøre betre me hadde døytt for Herrens hand i Egyptarlandet, då me sat uppyver kjøtgrytene og åt oss mette på brød. For no hev de ført oss ut i villmarki, so heile denne mannefjølden lyt døy av svolt.#2 Mos 14,11 4Då sa Herren til Moses: Sjå, no vil eg la det regna brød åt dykk frå himmelen, og folket skal ganga ut kvar dag og sanka det dei treng for dagen; soleis vil eg røyna dei, um dei held seg etter lovi mi eller ikkje. 5Og når dei lagar til det dei kjem heim med sette dagen, då skal det vera ein gong so mykje som det dei elles sankar um dagen. 6So sa Moses og Aron til alle Israels-borni: I kveld skal de koma til å sanna at det er Herren som hev ført dykk ut or Egyptarlandet; 7og i morgon tidleg skal de få sjå Herrens herlegdom; for han hev høyrt korleis de mukkar, imot han - kva er vel me? kann det vera verdt å mukka mot oss?#4 Mos 16,11 8De skal få sjå det, sa Moses, når han gjev dykk kjøt å eta i kveld og brød i morgon tidleg, so de fær metten dykkar; for Herren hev høyrt korleis de murrar og mukkar imot han - kva er vel me? Det er ikkje oss de mukkar imot, men Herren. 9Og Moses sa til Aron: Seg til heile Israels-lyden: Stig fram for Herrens åsyn! For han hev høyrt korleis de mukkar. 10So tala Aron til heile Israels-lyden; då vende dei augo mot øydemarki, og sjå, Herrens herlegdom synte seg i sky.#4 Mos 12,5; 14,10; 16,19 11Og Herren tala til Moses og sa: 12Eg hev høyrt korleis Israels-borni mukkar. Tala du til dei og seg: I skumingi skal de få kjøt å eta, og i morgon tidleg skal de få metta dykk med brød, og de skal sanna at eg er Herren dykkar Gud.#2 Mos 12,6 13Då det so vart kvelden, kom enghønone fljugande so tjukt at dei tekte heile lægret, og um morgonen låg det dogg rundt ikring lægret.#Sal 78,26-28; 105,40 14Og då doggi kvarv, fekk dei sjå noko fint, kornut, burtyver øydemarki; det låg tunt som rim på marki.#Neh 9,15; Sal 78,24-25 15Då Israels-borni såg det, sa dei seg imillom: Kva er dette? For dei visste ikkje kva det var. Då sa Moses til dei: Det er det brødet som Herren hev gjeve dykk å eta.#Joh 6,31; 1 Kor 10,3 16Høyr no kva Herren hev sagt: De skal sanka av det so mykje de treng, ein omer til manns, etter som de hev folk til; kvar skal henta åt dei som høyrer til huset hans. 17Og Israels-borni gjorde som han sa, og sanka, sume mykje og sume lite. 18Men då dei mælte det i omermålet, gjekk det inkje av for dei som hadde sanka mykje, og det som mindre hadde sanka, leid ingen skort; kvar hadde sanka det han turvte.#2 Kor 8,15 19Og Moses sa til dei: Ingen må leiva noko av det til morgons. 20Men dei høyrde ikkje på Moses, og sume etla noko til morgonmålet; då kvikna det makk i det, og det stod ei vond tev av det. Og Moses vart vreid på dei. 21Sidan sanka dei det morgon etter morgon, kvar etter som han trong til. Men når soli tok til å heta, so bråna det. 22Sette dagen sanka dei ein gong til so mykje som elles, tvo omer til manns, og alle dei øvste av lyden kom og sa det til Moses.#2 Mos 16,5 23Då sa han til dei: Det er det Herren hev sagt. I morgon er det sabbat, heilag sabbat for Herren. Baka no det de vil, og koka det de vil! Men alt det som vert att, skal de leggja burt og gøyma til morgons.#2 Mos 16,5 24So la dei det burt til um morgonen, som Moses sa, og det stod ingen illtev av det og kom ikkje makk i det. 25Og Moses sa: Et det i dag, for i dag er det sabbat for Herren; i dag finn de ikkje noko på marki. 26Seks dagar skal de sanka det; men den sjuande dagen er det sabbat; då er det ikkje å finna. 27Like vel var det nokre av folket som gjekk ut den sjuande dagen og vilde sanka, men dei fann inkje. 28Då sa Herren til Moses: Kor lenge skal det vara fyrr de vil lyda bodi og lovene mine? 29Kom i hug: Herren hev gjeve dykk sabbaten; difor er det han sette dagen gjev dykk brød for tvo dagar. Haldt dykk no heime kvar for seg! Ingen må gange burt frå bustaden sin sjuande dagen. 30Sidan heldt folket seg i ro den sjuande dagen. 31Israels-ætti kalla det manna; det liktest korianderfrø; det var kvitt på leten og smaka som honningkaka.#2 Mos 16,15; 4 Mos 11,7#16,31 manna Hebr. man, d. e. kva er det? 32Og Moses sa: Høyr no kva Herren segjer til dykk: Ein full omer med manna skal de gøyma åt etterkomarane dykkar, so dei kann sjå det brødet eg gav dykk å eta i øydemarki då eg førde dykk ut or Egyptarlandet! 33So sa han til Aron: Tak ei krukka og hav upp i henne ein full omer med manna, og set det ned for Herrens åsyn, so det vert gøymt åt etterkomarane dykkar. 34Og Aron gjorde som Herren hadde sagt til Moses, og sette det ned framfor vitnemålet; der skulde det gøymast.#2 Mos 25,16.21; Hebr 9,4#16,34 vitnemålet lovtavlone. 35Israels-borni åt manna i fyrti år, til dess dei kom til bygt land; manna åt dei alt til dei kom til utenden av Kana'anslandet#Jos 5,12 36Ein omer er tiandeparten av ein efa.
Currently Selected:
2. Mosebok 16: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: