2. Mosebok 15
15
Moses og Israels-borni syng ein lovsong til Herren; Mirjam syster hans, og alle kvinnone svarar i kor, 1-21. Israel kjem til Mara; der mukkar dei mot Herren for di dei ikkje hev vatn, og han hjelper dei; dei kjem til Elim, 22-27.
1Då song Moses og Israels-borni denne lovsongen til Herren: Eg vil lovsyngja Herren, for han er høgt upphøgd; hest og mann støytte han i havet. 2Herren er min styrke og lovsong, og han vart meg til frelsa. Han er min Gud, han vil eg lova, Gud åt far min, han vil eg upphøgja.#Sal 118,14; Jes 12,2 3Herren er ein hermann; Herren heiter han.#2 Mos 3,15; Hos 12,6 4Vognene og heren åt Farao kasta han i havet, og dei utvalde kjempone hans drukna i Raudehavet. 5Avgrunnar gøymde dei, som stein for dei ned i djupet. 6Di høgre hand, Herre, er herleggjord i kraft, di høgre hand, Herre, krasar uvener.#Sal 118,15 7I ditt storvelde slær du fiendane dine ned; du let vreiden din loga, då brenn dei som halm. 8For anden din stokk vatni i hop, sjøane stod som haugar, bårone storkna i havsens hjarta. 9Fienden sa: Eg vil elta dei, eg vil taka dei att, eg vil skifta ut herfang, eg vil metta mi sjel med dei; eg vil draga mitt sverd, mi hand skal øyda dei ut. 10Du sende ut din ande, og havet gøymde dei; dei sokk som bly i ville vatnet. 11Herre, kven er som du millom gudane? Kven er som du herleggjord i heilagdom, kven er so ageleg å lova, so underfull i verk?#2 Mos 9,14; 18,11; 1 Krøn 16,25; Sal 96,4 12Du rette ut di høgre hand, då gløypte jordi dei. 13Du fører med di miskunn det folket du løyste ut; du leider dei med di kraft til din heilage bustad. 14Folki fær spurt det og skjelv; fælska tek dei som bur i Filistarland.#Jos 2,10-11 15Edom-jarlane ottast for ilt, Moab-hovdingane støkk so dei skjelv, alle Kana'an-buane vert vitskræmde. 16Redsla og fælska kjem på dei; når dei augnar din veldige arm, tegjer dei stilt som ein stein, medan folket ditt, Herre, fer fram, medan det folket fær fram som du vann deg.#5 Mos 32,6 17Du tek dei inn og plantar dei på eigedomen din, det berget som du, Herre, hev skapt til bustad åt deg sjølv, den heilagdomen, Herre, som dine hender hev grunna.#Sal 132,13-18; 78,54 18Herren skal vera konge i all æva.#Sal 22,29; 93,1 19For då hestane åt Farao med vognene og riddarane hans for ut i havet, då let Heren vatnet i havet fløda i hop yver dei, medan Israels-borni gjekk turrskodde midt igjenom havet.#2 Mos 14,23-31 20Og Mirjam, vismøi, syster åt Aron, tok ei trumma i handi, og alle kvinnone gjekk etter henne med trummeslått og dans.#Sal 68,26 21Og Mirjam song fyre og kvad: Lovsyng Herren, for han er høgt upphøgd; hest og mann støytte han i havet. 22Sidan førde Moses folket burt frå Raudehavet, og dei kom ut i Surøydemarki; tri dagar for dei gjenom øydemarki og kunde ikkje finna vatn.#4 Mos 33,8 23So kom dei til Mara, men dei kunde ikkje drikka vatnet i Mara av di det var beiskt. Difor kalla dei den staden Mara.#15,23 Mara beiska. 24Og folket mukka mot Moses og sa: Kva skal me drikka? 25Då ropa han til Herren, og Herren synte han eit tre; det kasta han upp i vatnet; då vart vatnet godt. Der sette dei lov og rett, og der røynde han dei. 26Og han sa: Høyrer du vel etter ordi åt Herren din Gud og gjer det som rett er i hans augo, og lyder du bodi og held alle fyresegnene hans, so skal du sleppa alle dei sjukane som eg la på egyptarane; for eg er Herren, lækjaren din.#2 Mos 23,25 27Sidan kom dei til Elim. Der var det tolv kjeldor og sytti palmetre, og dei lægra seg der frammed vatnet.#4 Mos 33,9
Currently Selected:
2. Mosebok 15: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: