2. Krønikebok 32
32
Sankerib, kongen i Assyria, dreg inn i Judariket og kringset dei faste byane der; Esekias set Jerusalem i forsvarsstand og trøystar folket, 1-8. Sankerib hæder både Esekias og Herren, 9-19. Esekias og Esaias ropar til Herren; Herren sender ein engel som tyner assyrarane, og bergar folket sitt, 20-23. Esekias vert strengt sjuk, men vert lækt av Herren; han vert ovmodig, men audmykjer seg att og fær stor æra og rikdom og hev lukka med seg i alt han tek seg fyre; han døyr, 24-33.
1Ei tid etter at Esekias hadde fullført dette og synt so stor truskap, kom Sankerib, kongen i Assyria, og drog inn i Judariket; han kringsette dei faste byane og tenkte han skulde få dei i sitt vald.#2 Kong 18,13-16; Jes 36,1-22 2Då Esekias vart vis med at Sankerib var komen og etla seg til å gjera åtak på Jerusalem, 3samrådde han seg med hovdingane og herkjempone sine um å teppa for vatni i kjeldone utanfor byen, og dei studde han i det. 4Det samla seg då mykje folk, og dei dytte alle kjeldone og bekken som rann midt igjenom landet; for dei sa: Det er ikkje verdt assyrarkongane finn flust med vatn når dei kjem? 5So tok han mod og mannskap til seg og bygde upp att muren kvar stad han var nedriven, og radt upp åt tårni, og utanfor bygde han ein annan mur. Han sette Millo i Davidsstaden i fast stand og let gjera kastevåpen i mengdevis og skjoldar.#2 Krøn 25,23 6So sette han herhovdingar yver folket og samla dei hjå seg på torget ved byporten og moda dei upp med desse ordi: 7Ver hugheile og sterke! Det skal ikkje ottast, og ikkje fæla for assyrarkongen og den store heren han hev med seg. For med oss er det ein som er større enn den som er med han;#2 Kong 6,16; 1 Joh 4,4 8med han er ein arm av kjøt, men med oss er Herren vår Gud - han skal hjelpa oss og strida for oss. Og folket leit på ordi åt Esekias, Juda-kongen.#Jer 17,5.7; Sal 20,8 9Sidan sende Sankerib, kongen i Assyria - han låg utfyre Lakis med heile stridsmakti si - nokre av mennene sine til Jerusalem, til Esekias, Juda-kongen, og alle Juda-menner som var i Jerusalem, og let segja: 10So segjer Sankerib, kongen i Assyria: Kva er det de set dykkar lit til, sidan de vert sitjande innestengde i Jerusalem? 11Esekias vil de skal døy av hunger og torste; difor er det han lokkar dykk og segjer: Herren vår Gud skal berga oss for assyrarkongen. 12Var det ikkje den same Esekias som hadde burt offerhaugane og altari hans og sa til Juda og Jerusalem: Det er berre eitt altar de skal tilbeda framfor og brenna røykjelse på? 13Veit de ikkje kva eg og federne mine hev gjort med alle folki kring i landi? Hev vel dei gudane som folki kring i landi dyrkar, vore god til å berga landi sine for meg?#2 Kong 18,33-37; 19,12 14Kven av alle gudane åt desse folki som federne mine hev rudt ut, hev kunna berga folket sitt for meg? - og so skulde dykkar Gud kunna berga dykk for meg! 15So lat no ikkje Esekias få dåra dykk! Lat han ikkje soleis få lokka dykk! Tru han ikkje! For ingen gud hjå noko folk eller i noko rike hev vore god til å berga folket sitt for meg eller federne mine; kor mykje mindre vil då dykkar gud kunna berga dykk for meg! 16Og endå fleire ord tala mennene hans mot Herren Gud og mot Esekias, tenaren hans. 17Han skreiv og eit brev til å hæda Herren, Israels Gud, og tala mot han; der stod: Likso lite som gudane åt dei folki som bur kring i landi, vann berga folki sine for meg, likso lite skal guden åt Esekias kunna berga sitt folk for meg.#2 Kong 19,14 18Og dei ropa med høg røyst på jødisk mål til Jerusalems-folket som stod på muren; soleis tenkte dei å skræma og støkkja dei, so dei kunde få teke byen; 19og dei tala um Jerusalems Gud på same vis som um gudane åt folki på jordi, dei som er laga av mannehand.#Sal 115,4 20Då kong Esekias og profeten Esaias Amosson høyrde det, bad dei og ropa til himmelen.#2 Kong 19,4.15-19 21Og Herren sende ein engel som tynte alle herkjempone og fyrstane og hovdingane i lægret åt assyrarkongen, so han med skam og vanæra laut fara heim att til sitt eige land. Då han so ein gong gjekk inn i templet åt guden sin, kom nokre av hans eigne søner og hogg han ned der med sverdet.#2 Kong 19,35-37; Jes 37,36-38 22Soleis frelste Herren Esekias og Jerusalems-folket frå Sankerib, assyrarkongen, og frå alle andre fiendar og verna dei på alle kantar. 23Det var mange som kom til Jerusalem med gåvor til Herren og med gilde eigneluter til Esekias, Juda-kongen; og han vart høgt æra hjå alle folkeslag etter dette. 24Ved det leitet vart Esekias so sjuk at det stod um livet. Då bad han til Herren, og Herren svara han og gav han eit underfullt teikn.#2 Kong 20,1-11; Jes 38,1-8; Sal 30,3 25Men Esekias gjorde ikkje lika for den velgjerdi som vart gjord imot han; hjarta hans vart fullt av ovmod, og difor kom det vreide yver han og yver Juda og Jerusalem med. 26Då audmykte Esekias seg og angra ovmodet sitt, både han og Jerusalems-folket, og Herrens vreide kom ikkje yver dei medan Esekias levde. 27Esekias hadde vunne ovstor rikdom og æra. Han gjorde seg skattkammer, der han gøymde sylv og gull og dyre steinar og kryddor og skjoldar og allslags eigneluter; 28han sette upp stabbur til å hava avlingane av korn og druvesaft og olje i, og fjøs til bufe av alle slag, og han la seg til buskap til fjøsi sine. 29Like eins bygde han byar og fekk seg småfe og storfe i stor mengd; for Gud hadde gjeve han ovmykje gods. 30Det var han - Esekias - som stengde det øvre utlaupet av Gihonvatnet og leidde vatnet ned vestanfor Davidsstaden. I alt han tok seg fyre, hadde han lukka med seg, 31soleis og den gongen då sendemennene kom frå Babel-fyrstane, som sende bod til han og vilde høyra um det underfulle teiknet som hadde hendt i landet; for at Gud då skildest med han, det var berre av di han vilde røyna han og få vita alt som budde i hjarta hans.#5 Mos 8,2; 13,3; 2 Kong 20,12-21; Jes 39,1-8#32,31 hans 5 Mos. 8,2; 13,3. 32Det som meir er å segja um Esekias og godverki hans, det stend skrive i syni åt profeten Esaias Amosson i boki um Juda- og Israels-kongane. 33So for Esekias til federne sine og dei gravla han ved vegen som gjeng upp til gravene åt Davids etterkomarar. Alle Juda-mennene og Jerusalems-buane synte han stor æra ved avferdi hans. Manasse, son hans, vart konge etter han.
Currently Selected:
2. Krønikebok 32: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2