YouVersion Logo
Search Icon

Josva 1

1
Josva vert leiar
1Då Moses, Herrens tenar, var død, sa Herren til medhjelparen hans, Josva Nunsson: #2 Mos 14,31+ 2Moses, tenaren min, er død. Gjer deg no ferdig til å fara over Jordan, du og heile dette folket, inn i det landet som eg vil gje israelittane. 3Kvar stad de set foten på, gjev eg dykk, så som eg lova Moses. #5 Mos 11,24f; Jos 14,9 4Landet frå øydemarka og Libanon til Storelva, Eufrat, heile hetittlandet til Storhavet i vest, skal høyra dykk til. #1,4 til Storelva, Eufrat[1 Mos 15,18.] 5Så lenge du lever, skal ingen kunna stå seg mot deg. Eg vil vera med deg, liksom eg var med Moses. Aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg. #1 Mos 26,3+; 5 Mos 7,24; 20,1; 31,8 6Ver djerv og sterk! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei. #5 Mos 1,38; 3,28; 31,7f; Jos 19,51 7Ver berre djerv og sterk, og legg vinn på å leva etter heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje av frå den, korkje til høgre eller venstre. Då skal du ha lukke med deg i all di ferd. #5 Mos 5,32 8Ha alltid denne lova på tunga, og grunda på henne dag og natt, så du legg vinn på å leva etter alt det som står skrive i lovboka. Då skal du ha hell med deg der du ferdast, og det skal gå deg vel. #5 Mos 17,18f; Sal 1,2f 9Eg har då sagt deg: Ver djerv og sterk! Lat deg ikkje skræma, og miss ikkje motet! For Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre.#5 Mos 1,29f; 7,21; Jes 41,10+
10Då gav Josva tilsynsmennene i folket dette påbodet: #5 Mos 16,18 11«Gå gjennom leiren og sei til folket: No må de laga til ferdakost. For om tre dagar skal de fara over Jordan og inn i det landet Herren dykkar Gud vil gje dykk, og leggja det under dykk.»#5 Mos 1,21; 11,31
12Til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta sa Josva: 13«Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, baud dykk då han sa: Herren dykkar Gud vil at de skal koma til ro; difor gjev han dykk dette landet. #4 Mos 32,20ff; 5 Mos 3,18ff 14Konene og borna og buskapen skal vera att i det landet Moses har gjeve dykk austanfor Jordan. Men alle våpenføre menn mellom dykk lyt fara fullt budde føre landsmennene sine og hjelpa dei i striden. 15Fyrst når Herren har late dei koma til ro liksom de, og dei har lagt under seg det landet Herren dykkar Gud vil gje dei, skal de fara heim att og ta dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, har gjeve dykk her på austsida av Jordan.»#5 Mos 12,10; 25,19
16Då svara dei Josva: «Alt det du har sagt oss, skal vi gjera, og kvar du sender oss, skal vi gå. 17Liksom vi lydde Moses i alle ting, såleis vil vi lyda deg òg. Gjev Herren din Gud må vera med deg, liksom han var med Moses. 18Kvar den som set seg opp mot deg og ikkje lyder deg, kva du så byd han, han skal døy. Ver berre djerv og sterk!»#5 Mos 17,12

Currently Selected:

Josva 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy