1
Josva 1:9
Bibelen 1978/85 nynorsk
Eg har då sagt deg: Ver djerv og sterk! Lat deg ikkje skræma, og miss ikkje motet! For Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre.
Compare
Explore Josva 1:9
2
Josva 1:8
Ha alltid denne lova på tunga, og grunda på henne dag og natt, så du legg vinn på å leva etter alt det som står skrive i lovboka. Då skal du ha hell med deg der du ferdast, og det skal gå deg vel.
Explore Josva 1:8
3
Josva 1:7
Ver berre djerv og sterk, og legg vinn på å leva etter heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje av frå den, korkje til høgre eller venstre. Då skal du ha lukke med deg i all di ferd.
Explore Josva 1:7
4
Josva 1:5
Så lenge du lever, skal ingen kunna stå seg mot deg. Eg vil vera med deg, liksom eg var med Moses. Aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.
Explore Josva 1:5
5
Josva 1:6
Ver djerv og sterk! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei.
Explore Josva 1:6
6
Josva 1:3
Kvar stad de set foten på, gjev eg dykk, så som eg lova Moses.
Explore Josva 1:3
7
Josva 1:2
Moses, tenaren min, er død. Gjer deg no ferdig til å fara over Jordan, du og heile dette folket, inn i det landet som eg vil gje israelittane.
Explore Josva 1:2
8
Josva 1:1
Då Moses, Herrens tenar, var død, sa Herren til medhjelparen hans, Josva Nunsson
Explore Josva 1:1
9
Josva 1:4
Landet frå øydemarka og Libanon til Storelva, Eufrat, heile hetittlandet til Storhavet i vest, skal høyra dykk til.
Explore Josva 1:4
10
Josva 1:18
Kvar den som set seg opp mot deg og ikkje lyder deg, kva du så byd han, han skal døy. Ver berre djerv og sterk!»
Explore Josva 1:18
11
Josva 1:11
«Gå gjennom leiren og sei til folket: No må de laga til ferdakost. For om tre dagar skal de fara over Jordan og inn i det landet Herren dykkar Gud vil gje dykk, og leggja det under dykk.»
Explore Josva 1:11
YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy
Home
Bible
Plans
Videos