YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 5

5
Den sjuke ved Betesda
1Ei tid etter var det ei av høgtidene til jødane, og Jesus drog opp til Jerusalem. 2Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam, som dei på hebraisk kallar Betesda. Kring dammen er det fem bogegangar. #5,2 Betesda Namnet tyder «miskunns hus». 3Der låg det ei mengd sjuke: blinde, lame og vanføre. Dei venta på at vatnet skulle rørast opp. #5,3 Siste delen av v. 3 og v. 4 vantar i dei eldste handskriftene. 4For ein Herrens engel fór frå tid til tid ned i dammen og rørte opp vatnet. Den fyrste som då steig nedi etter at vatnet var opprørt, vart frisk, kva sjukdom han så leid av.
5No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år. 6Då Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, sa han til han: «Vil du verta frisk?» 7«Herre,» svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet vert opprørt; og medan eg er på vegen, stig ein annan uti føre meg.» 8Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!» #Matt 9,6; Apg 3,6f+ 9Og straks vart mannen frisk; han tok båra si og gjekk.
Det var ein sabbat dette hende; 10difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.» #Jer 17,21; Matt 12,2 11Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: Ta båra di og gå!» 12«Kven er den mannen som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei. 13Men han som hadde vorte lækt, visste ikkje kven det var; for Jesus hadde drege seg unna, av di det var så mykje folk der. 14Seinare råka Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synda ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.» 15Mannen gjekk, og han fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk.
Den fullmakt Sonen har
16Jødane tok til å forfylgja Jesus fordi han hadde gjort dette på sabbaten. #7,23; 9,14.16 17Men han sa til dei: «Far min arbeider til denne dag, og eg arbeider òg.» #9,4 18Etter dette var jødane endå meir huga på å drepa han, ikkje berre fordi han braut sabbaten, men òg fordi han kalla Gud far sin og gjorde seg sjølv lik Gud.#7,1.19.25; 8,37.40; 11,53; 10,33
19Då tok Jesus til ords og sa til dei:
Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, men berre det han ser Faderen gjer. Det Faderen gjer, det gjer Sonen like eins. #8,28f 20For Faderen elskar Sonen og syner han alt det han sjølv gjer. Og han skal syna han større gjerningar enn desse, så de skal undra dykk. #3,35; 10,17; 15,9; 17,23 21For liksom Faderen reiser opp dei døde og gjer dei levande, såleis gjer Sonen òg levande dei han vil. #Rom 4,17; Ef 2,5 22Og Faderen dømer ikkje nokon, men han har gjeve all dom over til Sonen, #Apg 10,42; 17,31 23så alle skal æra Sonen liksom dei ærar Faderen. Den som ikkje ærar Sonen, ærar heller ikkje Faderen som har sendt han.#Fil 2,10f; Joh 15,23; 1 Joh 2,23
24Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som sende meg, han har evig liv og kjem ikkje for domen, men har gått over frå døden til livet. #3,18; 8,51 25Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei døde skal høyra Guds Sons røyst, og dei som høyrer, skal leva. #Ef 2,1ff 26For liksom Faderen har liv i seg sjølv, har han òg gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv; 27og han har gjeve han fullmakt til å halda dom av di han er Menneskesonen. 28De må ikkje undrast på dette. For det kjem ein time då alle dei som ligg i gravene, skal høyra hans røyst. 29Og dei skal koma fram; dei som har gjort godt, skal stå opp til livet, men dei som har gjort vondt, skal stå opp til dom. #Dan 12,2; Matt 25,46; Apg 24,15; 2 Kor 5,10 30Eg kan ikkje gjera noko av meg sjølv. Eg dømer etter det eg høyrer, og domen min er rettferdig. For det er ikkje min eigen vilje eg vil fremja, men hans vilje som sende meg.#6,38
Vitnemål om Jesus
31Dersom eg vitnar om meg sjølv, gjeld ikkje vitnemålet mitt. #8,13 32Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at det vitnemålet han gjev meg, er sant. 33De sende bod til Johannes, og han vitna for sanninga. #1,19ff 34Eg tek ikkje imot vitnemål av menneske; men eg seier dette så de skal verta frelste. 35Johannes var eit ljos som brann og skein, og ei lita stund ville de gleda dykk i ljoset frå han. 36Men eg har eit vitnemål som er sterkare enn det Johannes gav: dei gjerningane Faderen har gjeve meg å fullføra. Dei gjerningane eg gjer, vitnar om at Faderen har sendt meg. #10,25.37f; 14,11 37Ja, Faderen som sende meg, har sjølv vitna om meg. Hans røyst har de aldri høyrt, og hans skapnad har de aldri sett, #8,18; 1 Joh 4,12 38og hans ord bur ikkje i hjarta dykkar, for den han sende, han trur de ikkje. 39De granskar skriftene, fordi de meiner at de har evig liv i dei; og dei er det som vitnar om meg! #Luk 24,27+; Joh 1,45+ 40Men de vil ikkje koma til meg så de kan ha liv.
41Eg tek ikkje imot ære av menneske; 42men eg kjenner dykk og veit at de ikkje har kjærleiken til Gud i dykk. #1 Joh 2,15; 3,17 43Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, han tek de imot. 44Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre, og ikkje søkjer ære hjå den einaste Gud? #12,43 45Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Faderen. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar von til. #5 Mos 31,26 46For hadde de trutt Moses, hadde de trutt meg òg, for det er om meg han har skrive. #Luk 16,31; 1 Mos 49,10; 5 Mos 18,15 47Men når de ikkje trur hans skrifter, korleis kan de då tru mine ord?

Currently Selected:

Johannes 5: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy