YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 6

6
Jesus mettar fem tusen
(Matt 14,13–21; Mark 6,30–44; Luk 9,10–17)
1Sidan fór Jesus bort til hi sida av Galilea-sjøen eller Tiberias-sjøen. 2Og mykje folk fylgde etter han, fordi dei såg teikna han gjorde då han lækte dei sjuke. 3Jesus gjekk opp i fjellet, og der sette han seg saman med læresveinane sine. 4Det leid mot påske, høgtida åt jødane.#2,13; 11,55
5Som no Jesus såg opp og la merke til at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød, så alle desse kan få seg mat?» 6Det sa han for å prøva Filip; for han visste sjølv kva han ville gjera. 7Filip svara: «Brød for to hundre denarar rekk ikkje til så kvar av dei kan få eit lite stykke.» 8Ein annan av læresveinane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han: 9«Her er ein liten gut som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?» #2 Kong 4,42ff 10Då sa Jesus: «Lat folket setja seg!» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var ikring fem tusen. 11Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der, og like eins av fiskane, så mykje dei ville ha. 12Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Sanka i hop dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.» 13Dei så gjorde og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda, etter at alle hadde ete.
14Då folket såg det teiknet Jesus hadde gjort, sa dei: «Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!» #1,21+; Apg 3,22; 7,37 15Jesus skjøna at dei ville koma og ta han med makt og gjera han til konge. Difor drog han seg unna og gjekk opp i fjellet att, han åleine.#Matt 14,23
Jesus går på vatnet
(Matt 14,22–27; Mark 6,45–52)
16Då det vart kveld, kom læresveinane ned til sjøen. 17Dei gjekk ut i ein båt og ville fara over til Kapernaum. Det hadde alt vorte mørkt, og Jesus var endå ikkje komen til dei. 18Sjøen gjekk høg, for det bles hardt. 19Då dei hadde rott tjuefem eller tretti stadier, såg dei Jesus koma gåande på vatnet og nærma seg båten, og dei vart redde. 20Men Jesus sa til dei: «Det er eg. Ver ikkje redde!» 21Då lét dei han koma opp i båten, og straks var båten innmed land der dei skulle leggja til.
Brødet frå himmelen
22Dagen etter stod det endå mange menneske att på hi sida av sjøen. Dei hadde sett at det var berre ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten saman med læresveinane; dei hadde fare av stad åleine. 23No kom det nokre båtar frå Tiberias og la til nær den staden der Herren hadde bede takkebøn og dei hadde ete brødet. #6,11 24Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og fór over til Kapernaum og leita etter Jesus. 25Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: «Rabbi, når kom du hit?» 26Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det er ikkje fordi de såg teikn at de leitar etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette. 27Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl.»#6,50f.54.58
28Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» 29Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» #1 Joh 3,23 30«Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva kan du gjera? #2,18+ 31Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.» #2 Mos 16,4ff; Neh 9,15; Sal 78,24 32Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet!» 35Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. #Jes 55,1ff; Joh 4,14 36Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje. 37Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg; og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort. #17,2.6ff.24 38For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, som sende meg. #4,34; 5,30 39Og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen. #10,28f; 17,12 40For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.»
41Jødane murra mot han fordi han sa: «Eg er brødet som kjem ned frå himmelen.» 42Og dei spurde: «Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far hans og mor hans. Korleis kan han seia at han er komen ned frå himmelen?» #Matt 13,55+; Luk 4,22 43Jesus svara: «Hald opp med denne murringa! 44Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 45Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg. #Jes 54,13; Jer 31,33f 46Eg seier ikkje at nokon har sett Faderen; berre han som er frå Gud, har sett Faderen. #1,18; 5,37 47Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv. 48Eg er livsens brød. 49Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde. #1 Kor 10,3ff 50Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr. 51Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.»
52No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss lekamen sin å eta?» 53Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. #Matt 26,26ff 54Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 55For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. 56Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han. #15,4f 57Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal òg den som et meg, ha liv ved meg. 58Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.» 59Dette sa han medan han lærte i synagoga i Kapernaum.
Mange støyter seg på Jesu ord
60Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde det: «Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?» 61Jesus visste med seg at læresveinane hans murra, og han sa til dei: «Støyter de dykk på dette? 62Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før? #Apg 1,9ff 63Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv. #2 Kor 3,6 64Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. #13,11 65Og han la til: «Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det er gjeve han av Faderen.»#6,44
Peters vedkjenning
66Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje ikring med han lenger. 67Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» 68Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, 69og vi trur og veit at du er Guds Heilage.» #Matt 16,16+; Joh 10,36 70Då sa Jesus: «Har eg ikkje valt dykk ut alle tolv? Og ein av dykk er ein djevel.» 71Han tenkte på Judas, son til Simon Iskariot. For han skulle svika Jesus, han, ein av dei tolv.#12,4; 13,21

Currently Selected:

Johannes 6: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy