YouVersion Logo
Search Icon

Hebrearane 1

1
Gud har tala gjennom Sonen
1I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. 2Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. #Matt 21,38; Gal 4,4; Kol 1,16+ 3Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.#Kol 1,15+; Sal 110,1; Apg 2,33+
Sonen står over englane
4Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira. #Fil 2,9 5For til kven av englane har Gud nokon gong sagt:#Sal 2,7; Apg 13,33; 2 Sam 7,14
Du er son min,
eg har født deg i dag?
Eller, som det òg står:
Eg vil vera far hans,
og han skal vera son min.
6Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verda, seier han:
Alle Guds englar skal tilbe han.#Sal 97,7
7Og om englane seier han:
Han gjer englane sine til vindar,
tenarane sine til logande eld. #Sal 104,4
8Men om Sonen:
Din kongsstol, Gud, ¬står i all æve,
rettferds stav er din kongsstav.#Sal 45,7f
9Du har elska rettferd ¬og hata urett;
difor, Gud, har din Gud ¬salva deg
med fagnads olje ¬framfor dine frendar.
10Og vidare:
Du, Herre, ¬i opphavet grunnla du jorda,
og himmelen er eit verk ¬av dine hender.#Sal 102,26ff
11Dei skal gå til grunne, ¬men du vert verande.
Dei skal alle eldast ¬som ein klednad;
12du rullar dei saman ¬som ei kappe,
dei vert utskifte som klede.
Men du er den same,
dine år tek aldri ende.
13Til kven av englane har han nokon gong sagt:
Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter?#Sal 110,1; Apg 2,34f+; Hebr 10,12f
14Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og vert utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa?#Sal 34,8; 91,11; Matt 4,11; 18,10

Currently Selected:

Hebrearane 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy