YouVersion Logo
Search Icon

Filemon 1

1
Helsing
1Paulus, Kristi Jesu fange, og Timoteus, bror vår, helsar Filemon, vår kjære medarbeidar, #Ef 3,1+; 1 Tim 1,2+ 2og Appia, syster vår, og Arkippus, vår medstridsmann, og kyrkjelyden som samlast i heimen din. #Rom 16,5+ 3Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!#Rom 1,7
Filemons tru og kjærleik
4Eg takkar alltid min Gud når eg nemner deg i bønene mine. #1 Tess 1,2+; Kol 1,3f 5For eg høyrer om kjærleiken din til alle dei heilage og om trua di på Herren Jesus. 6Saman med dei eig du trua, og det er mi bøn at ho må vera verksam, så du kan skjøna kva godt vi skal gjera for Kristus. #Kol 1,9 7Det har vore ei stor glede og trøyst for meg å høyra om kjærleiken din, kjære bror, og dei heilage har kjent seg styrkte.#2 Kor 7,4
Filemon og Onesimus
8I Kristus kunne eg nok med full rett påleggja deg å gjera di plikt. 9Men kjærleiken gjer at eg heller kjem med ei bøn. Slik som eg er, den gamle Paulus, men no òg Kristi Jesu fange, 10bed eg deg for Onesimus, son min som eg har fått i mitt fangenskap. #0,10 Onesimus Namnet tyder «nyttig». Paulus lagar eit ordspel. Sjå òg v. 20.#Kol 4,9 11Ein gong var han unyttig for deg, men no er han nyttig både for meg og deg. 12Når eg no sender han attende til deg, er det som om eg sender mitt eige hjarta. 13Eg hadde gjerne hatt han hjå meg, så han i din stad kunne hjelpa meg når eg no er i lekkjer for evangeliet. #Fil 2,30 14Men utan ditt samtykke ville eg ingen ting gjera, så du ikkje skal gjera det gode av tvang, men av fri vilje. #2 Kor 9,7 15Kan henda vart han teken frå deg for ei stund, så du skal få han att for alltid, 16ikkje lenger som træl, men meir enn ein træl, som ein kjær bror. Det er han sanneleg for meg. Kor mykje meir må han då ikkje vera det for deg, både som menneske og i Herren.#0,16 ikkje lenger som træl Onesimus, som var træl, har rømt frå herren sin, og Paulus sender han attende. #1 Tim 6,2
17Så sant du held meg for ein bror i trua, så ta imot han som meg sjølv. 18Har han gjort deg urett, eller skuldar han deg noko, så før det på mi rekning! 19Dette skriv eg, Paulus, med eiga hand: Eg skal betala. Eg vil ikkje nemna det du skuldar meg: deg sjølv. #1 Kor 16,21+ 20Ja, bror, lat meg ha gagn av deg i Herren! Gjer meg glad og frimodig i Kristus!
21I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg; eg er viss på at du vil gjera endå meir enn det eg bed deg om. 22Og ein ting til: Stell til gjesteromet åt meg! For eg vonar Gud vil høyra bønene dykkar og la meg få koma til dykk.#Hebr 13,19
23Eg skal helsa deg frå Epafras, som er fange saman med meg for Kristi Jesu skuld, #Kol 1,7 24like eins frå Markus, Aristark, Demas og Lukas, medarbeidarane mine.#Apg 12,12+; 19,29+; 2 Tim 4,10f
25Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!#Gal 6,18+

Currently Selected:

Filemon 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy