YouVersion Logo
Search Icon

Galatarane 1

1
Helsing
1Paulus, apostel, ikkje kalla av menneske eller ved noko menneske, men av Jesus Kristus og av Gud Fader, som reiste han opp frå dei døde – #Apg 22,21+; Gal 1,11f 2eg, Paulus, og alle brørne her helsar kyrkjelydane i Galatia. #1,2 Galatia truleg den nordlege delen av provinsen Galatia i Vesleasia. Sjå Apg 16,6; 18,23. 3Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus, 4han som gav seg sjølv i døden for våre synder, så han kunne fria oss ut frå den noverande vonde verda, etter Gud, vår Fars vilje. #Tit 2,14; 1 Joh 5,19 5Han skal ha æra i all æve! Amen.#Rom 16,27+
Berre eitt evangelium
6Det undrar meg at de så snøgt har vendt dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og har gått over til eit anna evangelium. 7Men det finst ikkje noko anna evangelium; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. #Apg 15,1.24 8Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna! #1 Kor 16,22; 2 Kor 11,4 9Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, skal han vera forbanna!#1 Kor 15,1+
Apostelkallet til Paulus
10Prøver eg no å verta godkjend av menneske – eller av Gud? Prøver eg kanskje å gjera menneske til lags? Var det menneske eg framleis ville vera til lags, då var eg ikkje Kristi tenar. #1 Tess 2,4 11Eg kunngjer dykk, brør: Det evangelium eg har forkynt, er ikkje menneskeverk. #1 Tess 2,13 12Heller ikkje har eg fått det eller lært det av noko menneske; men det var Jesus Kristus som openberra seg for meg. #1,1 13De har høyrt om korleis eg fór fram medan eg levde som jøde, kor nådelaust eg forfylgde Guds kyrkje og gjorde mitt beste for å rydja henne ut. #Apg 9,1f+ 14Eg gjekk lenger i jødedomen enn mange av jamaldringane i folket mitt og var endå meir brennhuga for tradisjonane frå fedrane. #Apg 22,3; Fil 3,5f 15Men Gud, som valde meg ut frå mors liv og kalla meg ved sin nåde, sette seg føre #Jer 1,5; Rom 1,1 16å openberra sin Son for meg, for at eg skulle forkynna evangeliet om han for folkeslaga. Då spurde eg ikkje menneske til råds. #Matt 16,17; Apg 22,21+; Gal 2,7 17Heller ikkje drog eg opp til Jerusalem, til dei som var apostlar før meg. Eg fór til Arabia, og sidan vende eg attende til Damaskus. #1,17 Arabia landet rett aust og sør for Palestina. 18Fyrst tre år seinare drog eg til Jerusalem; eg ville spørja meg føre hjå Kefas, og eg vart verande hjå han i fjorten dagar. #1,18 Kefas apostelen Peter. Sjå Joh 1,42. #Apg 9,26 19Nokon annan av apostlane vitja eg ikkje, berre Jakob, Herrens bror. #Matt 13,55 20Det eg her skriv til dykk, er sant, Gud veit at eg ikkje lyg. 21Sidan kom eg til Syria og Kilikia. #Apg 9,30 22Dei kristne kyrkjelydane i Judea kjende meg ikkje personleg. 23Dei hadde berre høyrt at det vart sagt: Han som før forfylgde oss, forkynner no sjølv den trua han freista å rydja ut. #Apg 9,21; Gal 1,13 24Og dei lova Gud for det han hadde gjort med meg.

Currently Selected:

Galatarane 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy