YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 13

13
Åtvaringar
1Det er no tredje gongen eg kjem til dykk. «Etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak stå fast.» #5 Mos 19,15; 2 Kor 12,14 2Eg sa frå då eg var hjå dykk andre gongen, til dei som hadde synda og til alle dei andre, og eg seier frå no, når eg er borte: Når eg kjem att, vil eg ikkje spara nokon. 3For de krev då eit prov på at Kristus talar i meg. Og han er ikkje vanmektig mot dykk, men mektig hjå dykk. 4For om han vart krossfest i vanmakt, så lever han i Guds kraft. Vi òg er vanmektige i han, men vi skal leva med han i Guds kraft hjå dykk.#Rom 6,8ff; Fil 2,7f
5Ransak dykk sjølve om de er i trua; prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Det måtte då vera at de ikkje held prøva. #1 Kor 11,28; Gal 6,4 6Men eg vonar de skal skjøna at vi held prøva. 7Vi bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt, ikkje for at det skal visa seg at vi held mål, men for at de skal gjera det som godt er. Så kan det gjerne sjå ut som om vi ikkje held mål. 8For vi maktar ingen ting mot sanninga, men berre for sanninga. 9Difor gleder vi oss når vi er veike, berre de er sterke. Og det er vår bøn at de må nå fram til alt større mognad. 10Difor skriv eg dette før eg kjem, så eg ikkje skal verta nøydd til å fara strengt fram mot dykk når eg er komen, og bruka den fullmakta Herren har gjeve meg. For den har eg fått for å byggja opp, ikkje for å riva ned. #10,8.11 11Elles, brør, gled dykk! Sjå til at de kjem i rett skikk. Ta imot rettleiing! Ver samlyndte, hald fred med kvarandre, så skal kjærleikens og fredens Gud vera med dykk.#Fil 4,4; Rom 15,5+.33
Helsingar
12Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle dei heilage helsar dykk. #Rom 16,16+ 13Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den Heilage Andens samfunn vere med dykk alle!

Currently Selected:

2. Korintar 13: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy