YouVersion Logo
Search Icon

Romarane 3

3
1Kva føremon har så jøden, eller kva gagn er det i omskjeringa? 2Mykje, på alle måtar! Fyrst og fremst det at Guds ord vart dei tiltrutt. #5 Mos 4,7f; Sal 147,19f; Rom 9,4 3Men kva så om somme av dei har vore utrue? Kan deira utruskap gjera Guds truskap om inkje? #2 Tim 2,13 4Langt ifrå! Lat det stå fast at Gud talar sanning, men kvart menneske er ein lygnar. Det står då skrive:#Sal 116,11; 51,6
Så du skal få rett når du talar,
og vinna når du fører sak.
5Men om vår urett endå klårare syner Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er det ikkje då, menneskeleg tala, urettferdig av Gud å la vreiden koma over oss? #Job 34,10ff 6Langt ifrå! Korleis skulle Gud elles kunna døma verda? 7Men om mi lygn endå klårare syner at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømast som ein syndar? 8Skal vi ikkje då like godt gjera det vonde, så det kan føra til det gode? Det finst dei som spottar oss og seier at det er dette vi lærer. Dei skal få den domen dei fortener.#6,1
Alle har skuld
9Kva skal vi seia til dette? Har vi jødar noko framom andre? Nei, på ingen måte! Vi har då nett klaga både jødar og grekarar og sagt at dei er under synd alle saman, 10som det òg står skrive:#Sal 14,1ff
Det finst ingen rettferdig,
ikkje ein einaste.
11Det finst ingen vitug,
ikkje éin som søkjer Gud.
12Alle er komne på avveg,
alle er dei vonde.
Det finst ikkje éin som gjer godt,
ikkje ein einaste.
13Strupen deira er som ei open grav,
falske ord ligg dei på tunga,
under lippene har dei ormegift, #Sal 5,10; 140,4
14i munnen forbanning og harde ord. #Sal 10,7
15Dei er lette på foten når dei vil renna ut blod, #Jes 59,7f
16øydelegging og armod fylgjer i deira fotefar.
17Freds veg kjenner dei ikkje,
18og age for Gud veit dei ikkje av. #Sal 36,2
19Vi veit at alt det som lova seier, gjeld dei som har lova, så kvar munn skal tagna og heile verda stå skuldig for Gud. #Gal 3,21f 20Ingen vert rettferdig for Gud på grunn av gjerningar som lova krev; lova gjer berre at vi lærer synda å kjenna.#Sal 143,2; Rom 7,7; Gal 2,16
Rettferd ved trua
21Men no er Guds rettferd openberra utan lova. Om den vitnar lova og profetane. #1,17; Fil 3,9 22Dette er Guds rettferd, som vert gjeven ved trua på Jesus Kristus, til alle som trur. Her er det ingen skilnad, #10,12; Gal 2,16 23for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom. #3,9 24Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus. #Matt 20,28+; Ef 1,7; 2,8; Tit 3,5ff 25Han stelte Gud synleg fram, så han med sitt eige blod skulle vera eit sonoffer – for dei som trur. På den måten synte Gud si rettferd. Før hadde han i sitt langmod bore over med dei syndene som var gjorde. #3,25eit sonoffer same greske ordet som i Hebr 9,5 er attgjeve med «soningsstaden». [2 Mos 25,17.] #3 Mos 16,14ff; Apg 13,38f; 1 Joh 2,2; 4,10 26Men i vår tid ville han syna si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier den rettferdig som trur på Jesus. 27Kvar er så det vi kan rosa oss av? All ros er utestengd! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru. 28For vi meiner at mennesket vert rettferdig for Gud ved tru, utan lovgjerningar. #4,5; Gal 2,16; Ef 2,8f 29Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg, 30så sant Gud er éin. Og han vil rettferdiggjera dei omskorne på grunn av tru og dei uomskorne ved tru. #Apg 15,9.11 31Gjer vi då lova om inkje med trua? Langt ifrå! Vi stadfester lova.#8,4

Currently Selected:

Romarane 3: Bibel1978

Highlight

Copy

Compare

Share

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in