Romarane 13
13
Tilhøvet til styremaktene
1Kvar og ein skal vera lydig mot dei styremaktene han har over seg. Det finst inga styremakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud. #Ordt 8,15; Joh 19,11; 1 Tim 2,1f; Tit 3,1; 1 Pet 2,13f 2Den som set seg opp mot styremakta, han står Guds ordning imot, og dei som det gjer, skal få sin dom. 3Dei som styrer, er inga skræmsle for den som gjer godt, men for den som gjer vondt. Vil du sleppa å vera redd styremakta? Gjer det som godt er, og ho kjem til å rosa deg. #Ordt 24,21f 4For styremakta er Guds tenar, til gagn for deg. Men gjer du det vonde, har du grunn til å vera redd; for ho ber ikkje sverdet for inkje. Ho er Guds tenar som set hans dom iverk over den som gjer det vonde. 5Difor er det naudsynt å vera lydig, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til samvitet. 6Det er òg grunnen til at de betaler skatt; for styremaktene er Guds tenarar, og dette er dei sette til å ta seg av. 7Gjer rett og skil mot alle: Svar skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha age for den som har krav på age, gjev ære til den de skuldar ære.#Matt 22,21
Kjærleiken er oppfylling av lova
8Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova. #Gal 5,14; Jak 2,8 9For boda: Du skal ikkje bryta ekteskapet, Du skal ikkje slå i hel, Du skal ikkje stela, Du skal ikkje lysta, eller kva anna bod det så kan vera, dei samlar seg til eitt i dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. #2 Mos 20,13ff; 3 Mos 19,18; Matt 19,19; 22,37ff 10Den som har kjærleik, gjer ikkje nesten noko vondt. Difor er kjærleiken oppfylling av lova. #1 Kor 13 11De veit kor langt det lid: Timen er komen då de lyt vakna opp or svevnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til tru. #Ef 5,14; 1 Tess 5,4ff 12Natta lid, og det stundar mot dag. Lat oss difor leggja av dei gjerningane som høyrer mørkret til, og ta på oss dei våpen som høyrer ljoset til. #13,12dag Herrens dag. [1 Kor 1,8.] #Ef 5,11; 6,11+; 1 Joh 2,8 13Lat oss fara sømeleg fram som på ljose dagen, ikkje i svir og drikk, ikkje i hor og sedløyse, ikkje i strid og misunning. #Luk 21,34; Rom 1,29ff+ 14Men kled dykk i Herren Jesus Kristus, og ha ikkje slik omsut for lekamen at det kveikjest lyster.#Gal 3,27; Ef 4,24; 1 Joh 2,16
Currently Selected:
Romarane 13: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2