Romarane 11
11
Frelse for heidningane – frelse for Israel
1No spør eg: Har Gud støytt frå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins ættgrein. #Fil 3,5+; 1 Sam 12,22; Sal 94,14 2Gud har ikkje støytt frå seg folket sitt, det folket han hadde vedkjent seg. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier i forteljinga om Elia, korleis han stig fram for Gud med klagemål mot Israel? 3Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet. #1 Kong 19,10 4Men kva svar fekk han frå Gud? Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygt kne for Ba'al. #11,4 Ba'al Sjå Tillegg. #1 Kong 19,18 5På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut. #9,27 6Men er det av nåde, er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden nåde. #3,28; Ef 2,8 7Kva så? Det Israel strevar etter, har dei ikkje nått, men dei utvalde har nått det. Dei andre har vorte forherda, #9,31 8som det står skrive:#5 Mos 29,4; Jes 29,10
Gud har gjeve dei ei sløv ånd,
augo som ikkje ser og øyro som ikkje høyrer,
heilt til denne dag.
9Og David seier:#Sal 69,23f
Lat bordet deira verta ei snare og ei felle,
så dei snåvar og får si straff.
10Lat augo deira dimmast,
så dei ikkje kan sjå,
og lat ryggen deira vera bøygd for alltid.
11Så spør eg: Snåva dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane verta misunnelege på dei. #Matt 21,43+ 12Når deira fall har ført til rikdom for verda, og tapet av dei har vorte til rikdom for dei andre folka, kor mykje meir får det ikkje då å seia at dei kjem med i fullt tal?
13No talar eg til dykk som er av heidningætt. Så sant som eg er apostel for heidningane, set eg tenesta mi høgt; #1,5; 1 Tim 2,7 14og eg gjer det med den von at eg kan gjera landsmennene mine misunnelege og frelsa nokre av dei. #10,19 15Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva må det ikkje så føra til at dei vert godtekne? Jau, liv av døde! 16Er det fyrste brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg. #4 Mos 15,17–21 17Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er pota inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei. #Jer 11,16 18Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så kom i hug at det ikkje er du som ber rota, men rota som ber deg! 19No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne verta innpota.» 20Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du vert ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud! #1 Kor 10,12 21Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.
22Sjå då kor god Gud er og kor streng! – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til godleiken hans. Elles vert du òg avhoggen. #Joh 15,2.4 23Men dei andre òg skal verta innpota, i fall dei ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å pota dei inn att. #2 Kor 3,16 24Du vart avhoggen av eit vilt oliventre og mot naturen innpota på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje dei naturlege greinene potast inn i sitt eige oliventre, dei som av naturen høyrer treet til? 25Brør, eg vil seia dykk ein løyndom, så de ikkje skal ha for store tankar om dykkar eige skjøn: Forherding har kome over ein del av Israel til dess folkeslaga er komne inn i fullt tal. 26På den måten skal heile Israel verta frelst, som det står skrive:#Jes 59,20f; 27,9; Jer 31,33f
Frå Sion skal bergingsmannen koma,
han skal rydja gudløysa bort frå Jakob,
27og dette er den pakt eg vil gjera med dei
når eg tek bort syndene deira.
28På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. 29For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing. #4 Mos 23,19; 2 Tim 2,13 30De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige. 31På same vis har dei no vore ulydige, men den miskunn de har fått, skal føra til at dei no får miskunn. 32Gud la alle under ulydnad, så han kunne miskunna seg over alle.#Gal 3,22
33Å, for eit djup av rikdom
og visdom og skjøn hjå Gud!
Kor uransakelege hans domar er,
og kor ufattelege hans vegar! #Sal 139,6.17f; Jes 55,8f; Job 11,7
34Kven kjende Herrens tankar,
eller kven var rådgjevaren hans? #Jes 40,13; Jer 23,18
35Kven gav han noko fyrst,
så han skulle få vederlag? #Job 41,2
36Av han og ved han og til han er alle ting.
Han skal ha ære i all æve! Amen. #1 Kor 8,6+
Currently Selected:
Romarane 11: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2