YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 1

1
Dei to vegane
1Sæl er den som ikkje fylgjer
råd frå gudlause menneske
og ikkje slår inn på syndarveg
eller sit i lag med spottarar, #26,4f; 112,1; 119,1; Ordt 4,14
2men har si glede i Herrens lov
og grundar på hans lov ¬dag og natt. #5 Mos 6,6f; 11,18f; Jos 1,8; Sal 119,97
3Han er lik eit tre,
planta ved rennande bekker:
Det gjev si frukt i rette tid,
og lauvet visnar ikkje på det.
Alt det han gjer, skal lukkast. #92,13; Jer 17,8
4Så er det ikkje ¬med dei gudlause.
Dei er lik agner ¬som spreiest for vinden. #Job 21,18; Sal 35,5; 83,14; Jes 17,13
5Difor skal ingen gudlaus
stå seg når domen fell,
og ingen syndar vera med
der dei rettferdige samlast. #Matt 25,41ff
6For Herren kjenner vegen Œt dei rettferdige,
men vegen åt dei gudlause
fører til undergang. #Job 23,10; Sal 37,20; 68,3

Currently Selected:

Salmane 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy