Ordtaka 10
10
På vitug manns lipper er visdom å finna
1Ordtøke av Salomo. #15,20; 17,21.25; 19,13; 23,15.24; 27,11; 29,3
Ein klok son er til glede for far sin,
men ein uvitug son er mor si til sorg.
2Gagnlause er skattar vunne med urett,
men rettferd bergar frå døden. #11,4; Esek 17,19
3Herren lèt ikkje den rettferdige svelta,
men seier nei når dei gudlause krev.
4Fattig vert den som er lat i sitt arbeid,
men strevsam hand gjer rik. #12,24.27; 13,4; 19,5; 21,4
5Klok er den som samlar i hus om sommaren,
skam får den som søv i skurdonna. #6,8
6Over hovudet på den rettferdige
kjem velsigning frå Herren,
men munnen åt gudlause løyner vald.
7Velsigna er minnet om den rettferdige,
men namnet åt dei gudlause rotnar bort. #Sal 9,6; Ordt 12,7; 14,11
8Klok er den som tek boda til seg,
men den som fer med dumt snakk, fell.
9Trygt går den som er heil i si ferd,
men den som går krokvegar, vert gripen. #1,33; 28,18
10Den som blunkar listig med auga, valdar skade,
den som fer med dumt snakk, fell. #10,10 som blunkar [6,13.]
11Rettferdig manns munn er ei kjelde til liv,
men munnen åt gudlause løyner vald. #Sal 37,30
12Hat vekkjer strid og trette,
men kjærleik løyner alle brot. #17,9; 1 Pet 4,8
13På vitug manns lipper er visdom å finna,
men stokken skal brukast på ryggen åt den tankelause. #19,29
14Dei vise samlar på kunnskap;
når dåren talar, er ulukka nær. #18,7
15Rikmanns gods er hans faste borg,
armod er ulukka for dei fattige. #18,11
16Det den rettvise tener, gjev liv,
det den gudlause vinn, fører til synd.
17Å akta på tukt er ein veg til liv,
den som vanvørder refsing, går seg bort. #6,23; 12,1; 13,1.18; 15,5.32
18Den som løyner hat, har falske lipper,
ein dåre er den som fer med slarv.
19Den som talar mykje, syndar lett,
klok er den som tøymer tunga. #13,3; 17,27; 18,6f.21; 21,23; Fork 5,2
20Rettferdig manns tunge er som utvalt sølv,
det dei gudlause tenkjer, er ingenting verdt.
21Rettferdig manns lipper styrkjer mange,
men dårar døyr, for dei har ikkje vit. #Fork 10,12
22Det er Herrens velsigning som gjer rik,
eige strev legg ingenting til. #Sal 127,2
23Skamlaus gjerning er til lyst for dåren,
den vituge gleder seg over visdom. #2,14
24Det den gudlause reddast, kjem over han,
dei rettferdige får det dei lengtar etter. #Job 3,25; Ordt 1,27
25Når stormen fer fram, vert den gudlause borte,
rettvis mann har ein grunnvoll som varer. #12,3
26Som eddik for tennene og røyk for augo
er den late tenaren for sin herre.
27Age for Herren forlengjer livet,
men gudlause menn får færre år. #4,10
28Rettferdige menneske har glede i vente,
men vona kverv for dei gudlause. #Job 8,13; Sal 1,6; Ordt 11,23
29Herrens veg er eit vern for dei ærlege,
men ugjerningsmenn går til grunne der.
30Den rettferdige skal alltid stå støtt,
men dei gudlause får ikkje bu i landet. #Sal 112,6; Ordt 2,21f
31Rettferdig manns munn ber visdoms frukt,
men falske tunger skal skjerast av. #Sal 37,30
32Den rettferdige veit å velja høvande ord,
falskt er alt det dei gudlause seier. #Fork 10,12
Currently Selected:
Ordtaka 10: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2