Ordtaka 1
1
1Ordtøke av Salomo, son til David, konge i Israel.
Ordtøka gjev visdom
2Ordtøka gjev visdom og lærdom,
så ein skjønar vitug tale
3og tek imot tukt som gjev framgang,
og lærer rettferd, rett og ærlegdom.
4Dei gjev den urøynde klokskap
og ungdomen kunnskap og omtanke.
5Den vise som høyrer dei, aukar sin lærdom,
den vituge lærer å styra sin tanke,
6så han skjønar ordtak og bilettale,
ord av vismenn og gåtene deira.
7Age for Herren er opphav til kunnskap;
dårar vanvørder visdom og tukt. #Job 28,28; Sal 111,10; Ordt 2,5; 9,10; 15,33
Gløym ikkje det du har lært!
8Høyr etter når far din formanar deg, son,
og gløym ikkje det som mor di har lært deg! #6,20; 23,22
9For det er ein fager krans om ditt hovud,
ei kjede som pryder din hals.
10Fylg ikkje syndarar, son min,
når dei lokkar deg, #1,10 son min Såleis talar visdomslæraren til eleven sin.
11når dei seier: «Kom og ver med oss!
Vi vil liggja på lur og drepa,
setja feller for skuldlause utan grunn. #Mi 7,2
12Vi vil gløypa dei levande, liksom dødsriket,
la dei gå heilt til grunne
lik dei som går i grav.
13Alle slag dyre eigneluter skal vi finna,
fylla våre hus med røva gods.
14Du skal få kasta lodd med oss om dette,
alle skal vi ha same pengepungen.»
15Son min, slå ikkje lag med dei,
hald foten din borte frå deira stig!
16Dei spring så lett etter det som er vondt,
og er snøgge til å renna ut blod. #6,18; Jes 59,7
17Det nyttar ikkje å spenna ut nettet
så alle fuglane ser det.
18Men slike menneske lurer på sitt eige liv,
dei set feller for seg sjølve.
19Så går det alle som jagar etter vinning,
det tek livet av dei.
Visdomen kallar til bot
20Visdomsmøya ropar høgt på gata,
lèt røysta si lyda på alle torg. #8,1; 9,3
21Midt i ståket ropar ho ut,
tek til ords i dei opne byportane:
22Kor lenge skal de godtrune
elska godtruenskapen?
Kor lenge skal spottarane
ha glede av å spotta
og dårane hata kunnskap? #Sal 94,8
23Vend dykk hit når eg refser,
så lèt eg mi ånd strøyma ut over dykk
og gjev dykk kjennskap til mine ord.
24De ville ikkje høyra når eg ropa,
og ingen ansa at eg rette ut handa; #Jes 65,12; 66,4; Jer 7,13
25de brydde dykk ikkje om mine råd
og ville ikkje vita av mine refsingsord.
26Difor skal eg le når ulukka råkar dykk,
og spotta når de vert slegne av redsle,
27når redsla fer fram som eit uver,
når ulukka kjem som ein storm,
og de vert ute for trengsle og naud.
28Då ropar dei på meg, men eg svarar ikkje;
dei leitar etter meg, men finn meg ikkje. #Jes 59,2; Jer 11,11; Am 8,11f; Joh 7,34
29Fordi dei hata kunnskap
og ikkje valde å ottast Herren,
30fordi dei ikkje ville høyra på mitt råd
og vanvørde alle mine refsingsord,
31difor skal dei få smaka frukta av si åtferd
og mettast med det dei sjølve har planlagt. #Jes 3,10f
32Fråfallet kostar dei godtrune livet,
tryggleiken tyner dårane.
33Men den som høyrer på meg, skal bu trygt
og leva i fred utan redsle for noko vondt.
Currently Selected:
Ordtaka 1: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2