YouVersion Logo
Search Icon

Filipparane 4

4
Glede, bøn og fred
1Difor, mine brør, som eg elskar og lengtar etter, mi glede og min krans, stå faste i Herren, mine kjære!
2Eg påminner Evodia og Syntyke: De må semjast som kristne!#Rom 15,5+ 3Og så bed eg deg, du som med rette heiter Synzygus, at du må hjelpa desse to. For dei har stridt med meg for evangeliet, saman med Klemens og dei andre medarbeidarane mine, dei som har namna sine skrivne i livsens bok.#4,3 Synzygus Namnet tyder medarbeidar.#2 Mos 32,32f; Sal 69,29; Dan 12,1; Luk 10,20; Åp 3,5+
4Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! #2,18; 3,1 5Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær!#Hebr 10,37; Jak 5,8; Åp 3,11; 22,7.12.20 6Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.#Matt 6,25ff; 1 Pet 5,7 7Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.#Joh 14,27; Kol 3,15
8Elles brør: Alt som er sant, alt som er gjævt, alt som er rett, alt som er reint, alt som er verdt å elska og akta, all god gjerning og alt som rosverdig er, legg vinn på det! 9Det som de har lært og teke imot, det som de har sett og høyrt av meg, gjer det! Så skal fredens Gud vera med dykk.#1 Tess 4,1+; Rom 15,33
Takk for gåva
10Det var ei stor glede for meg i Herren at de på nytt har makta å tenkja på det eg treng. De har nok tenkt på det før òg, men då hadde de ikkje høve til å gjera det. 11Ikkje så at eg seier dette fordi eg leid naud, for eg har lært å vera nøgd med det eg har. #1 Tim 6,6 12Eg veit kva det er å ha det smått, og eg veit kva det er å ha rikeleg. I alt er eg innvigd, både å vera mett og å vera svolten, å ha overflod og ha for lite. 13Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.#2 Kor 12,10; 2 Tim 4,17 14Likevel gjorde de rett i å hjelpa meg då eg var i naud. 15De i Filippi veit at i den fyrste tida eg forkynte evangeliet, då eg hadde fare frå Makedonia, var de den einaste kyrkjelyden som førte rekneskap med meg over gjeve og motteke.#2 Kor 11,9 16Alt då eg var i Tessalonika, sende de meg både ein og to gonger det eg trong. 17Ikkje så at eg trår etter gåva, men eg trår etter frukta av gåva, og den skal rikeleg godskrivast dykk. 18Med dette stadfester eg at alt er motteke, og no har eg nok. Ja, eg har meir enn nok etter at Epafroditus kom med sendinga frå dykk. Det var som angen av eit offer, som er til glede og hugnad for Gud. #2,25; 2 Mos 29,18; Hebr 13,16 19Så skal min Gud, rik som han er på herlegdom i Kristus Jesus, gje dykk alt de treng. 20Vår Gud og Far skal ha ære i all æve! Amen.
Sluttord
21Helsa kvar og ein av dei heilage i Kristus Jesus. Brørne som er saman med meg, helsar dykk. 22Og alle dei heilage helsar dykk, mest dei som er i teneste hjå keisaren. #1,13 23Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!#Gal 6,18+

Currently Selected:

Filipparane 4: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy