4. Mosebok 24
24
1Då Bileam skjøna at Herren ville velsigna Israel, gjekk han ikkje bort og søkte varsel, som han før hadde gjort, men vende seg mot øydemarka. #23,3.15 2Han såg utover og fekk auga på Israels-ættene, som låg der side om side. Då kom Guds Ande over han, 3og han kvad:
Så seier Bileam, son til Beor,
så seier mannen med attlatne augo,
4så seier han som høyrer ord ifrå Gud
og får syner frå Den Allmektige,
der han sit med klårsynte augo:
5Kor fagre dine telt er, Jakob,
dine bustader, Israel!
6Dei er som vide dalar,
som hagar langs ei elv,
lik aloëtre som Herren har planta,
lik sedrar som veks attmed vatn. #24,6 aloëtre treslag som veks i Søraust-Asia. Veden angar godt og vert nytta til røykjelse, Sal 45,9.
7Vatnet strøymer frå Israels kar,
det dei sår, får rikeleg med væte.
# 24,7 Agag konge over amalekittane. Sml. 1 Sam 15,8ff. #Jes 58,11
Større enn Agag skal kongen deira vera,
høgt skal hans velde nå.
8Gud førte dei ut or Egypt,
og dei har styrke som ein villokse.
Dei øyder ut fiendslege folk,
knuser deira bein og bryt deira piler. #23,22; 5 Mos 33,17
9Dei legg seg ned og kviler som ei løve,
som ei løvinne – kven torer vekkja henne?
Velsigna er den som velsignar deg,
og forbanna den som forbannar deg. #1 Mos 12,3; 27,29; 49,9; 4 Mos 23,24
10Då vart Balak brennande harm på Bileam. Han slo saman hendene og sa til han: «Eg kalla deg hit for at du skulle forbanna fiendane mine, og no har du velsigna dei tre gonger! 11Kom deg heim att så fort du kan! Eg hadde tenkt å visa deg stor ære, men sjå, Herren har nekta deg æra.» 12Bileam svara: «Eg sa då alt til dei mennene du sende: 13Om Balak gav meg alt det sølv og gull han har i huset sitt, kunne eg ikkje gå imot Herrens ord og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt. Det Herren seier, må eg tala. #22,18.38 14Sjå, no fer eg heim att til landet mitt. Men fyrst vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera mot folket ditt ein gong i tida.» 15Så kvad han:
Så seier Bileam, son til Beor,
så seier mannen med attlatne augo,
16så seier han som høyrer ord ifrå Gud,
som tek imot kunnskap frå Den Høgste
og får syner frå Den Allmektige,
der han sit med klårsynte augo:
17Eg ser han, men ikkje no,
eg skodar han, men ikkje nær.
Ei stjerne stig opp or Jakob,
ein kongsstav lyfter seg frå Israel.
Han skal knusa Moabs tinningar
og skallen på alle Sets søner. #2 Sam 8,2; Sal 110,5.6; Matt 2,2
18Han skal vinna over Edom,
leggja fienden Se'ir under seg;
Israel skal auka si makt. #2 Sam 8,14; Am 9,11.12; Ob 18ff
19Ein fyrste dreg ut frå Jakob,
han rydjar ut dei som er att i byen. #Mi 5,1
20Så fekk Bileam auga på amalekittane, og han heldt fram med kvadet sitt:#2 Mos 17,14; 5 Mos 25,19
Det fremste av folkeslag er Amalek,
men til sist skal han gå under.
21Då Bileam fekk auga på kenittane, kvad han:#24,21 reir hebr.ken; fører tanken til kenittane.
Endå din bustad er traust og trygg,
og ditt reir er bygt på berget,
22skal Kain gå til grunne.
Kor lenge skal det vara
før Assur fører deg i fangenskap?
23Endå ein gong kvad Bileam:
Ve! Kven slepp frå det med livet
om ikkje Gud har vilja det så?
24Frå kittearane kjem det skip;
dei døyver Assur og Eber.
Men dei òg går mot undergangen.
25Så stod Bileam opp og fór heim att. Og Balak drog sin veg.
Currently Selected:
4. Mosebok 24: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2