YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 17

17
Arons stav som blømde
1Herren tala til Moses og sa: 2Sei til israelittane at dei skal gje deg tolv stavar, éin stav for kvar ætt. Av kvar ættehovding skal du få ein stav, og på den skal du skriva namnet hans. #17,2 éin stav bilete på hovding-autoriteten. 3På staven åt Levi skal du skriva Arons namn; for det skal vera éin stav for kvar ættehovding. 4Legg stavane i møteteltet – framfor lova – der eg møtest med dykk. #17,4 framfor lova framfor paktkista, som lovtavlene var i. #2 Mos 16,34; 25,22 5Då skal han spira og gro, staven som tilhøyrer den mannen eg vel ut. Så får eg vel fred for den murringa israelittane stadig plagar dykk med.#16,5
6Så tala Moses til israelittane. Og alle ættehovdingane gav han kvar sin stav, éin stav for kvar ætt. Det var tolv stavar i alt, og mellom dei var staven til Aron. 7Moses la stavane ned framfor Herrens åsyn i lovteltet. 8Då han dagen etter kom inn i teltet, fekk han sjå at Arons stav, staven for Levi-ætta, hadde sett friske skot; han hadde fått knuppar, blomar og mogne mandlar. 9Moses tok alle stavane bort frå Herrens åsyn og bar dei ut til israelittane. Då dei fekk sjå dei, tok dei kvar sin stav.
10Då sa Herren til Moses: «Ber Arons stav inn att og legg han framfor lova! Der skal han gøymast og vera eit teikn for dei trassige, så eg slepp høyra murringa deira meir; elles må dei døy.» #Hebr 9,4 11Moses så gjorde; som Herren hadde sagt, så gjorde han. 12Men israelittane sa til Moses: «Sjå, det er ute med oss. Vi går alle til grunne, vi døyr. 13Kvar den som vågar seg innåt Herrens bustad, må døy. Skal vi då gå til grunne, alle saman?»

Currently Selected:

4. Mosebok 17: Bibel1978

Highlight

Copy

Compare

Share

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for 4. Mosebok 17