4. Mosebok 16
16
Oppreist mot Moses vert straffa
1Korah, son til Jishar Kehats-son av Levi-ætta, gjorde saman med Datan og Abiram, sønene til Eliab, og On Peletsson av Rubens-ætta 2oppreist mot Moses. Dei fekk med seg to hundre og femti israelittar som var hovdingar i folket, leiarar i Israels-lyden, og hadde eit godt namn. #1,16; 26,9 3Dei slo seg saman mot Moses og Aron og sa til dei: «No går de for langt! Alle som høyrer lyden til, er heilage, og Herren er midt imellom dei. Kvifor vil de då setja dykk over Herrens lyd?»
4Då Moses høyrde det, kasta han seg ned med andletet mot jorda. 5Så tala han til Korah og heile flokken hans og sa: «I morgon vil Herren syna kven som er heilag og høyrer han til, så han kan koma han nær. Den som Herren vel ut, får koma han nær. #17,5 6Dette skal de gjera, du Korah og heile flokken din: Ta dykk glopanner, 7ha eld i dei og legg røykjelse oppå for Herrens åsyn i morgon! Den mannen som Herren då vel ut, han skal vera heilag. Så får det vera nok, de Levi-søner!»
8Så sa Moses til Korah: «Høyr no her, de levittar! 9Er det ikkje nok for dykk at Israels Gud har skilt dykk ut frå folket, så de får stiga fram for Herren og gjera teneste i bustaden hans, stiga fram for folket og tena det? #3,6ff 10Han har då late deg og alle brørne dine, levittane, få koma nær til seg. Og no vil de ha prestedømet òg! 11Sei meg, du og heile flokken din, som slår dykk saman mot Herren: Kva er Aron, sidan de er misnøgde og murrar mot han?»#2 Mos 16,7
12Moses sende bod etter Datan og Abiram, sønene til Eliab. Men dei sa: «Vi kjem ikkje! 13Er det ikkje nok at du har ført oss opp frå eit land som fløymer med mjølk og honning, så vi skulle døy i øydemarka? Vil du no attpå gjera deg til herre over oss? 14Du har sanneleg ikkje ført oss til eit land som fløymer med mjølk og honning, eller gjeve oss åkrar og vingardar til eige. Trur du at du kan føra folk som oss bak ljoset? Nei, vi kjem ikkje.» 15Då vart Moses brennande harm og sa til Herren: «Bry deg ikkje om offergåvene deira! Ikkje så mykje som eit esel har eg teke frå dei, og ingen av dei har eg gjort noko vondt.»#1 Sam 12,3
16Så sa Moses til Korah: «I morgon skal du og heile flokken din stiga fram for Herren, og Aron skal vera med. 17De skal ta kvar si glopanne og leggja røykjelse på dei. Kvar av dykk skal bera si glopanne fram for Herren, to hundre og femti panner i alt. Du og Aron skal òg ta kvar si panne.» 18Så tok dei kvar si glopanne, hadde eld i dei og la røykjelse på og stod attmed møteteltdøra saman med Moses og Aron. 19Korah hadde samla heile flokken mot dei framfor møteteltdøra.
Då synte Herrens herlegdom seg for heile Israels-lyden. 20Og Herren sa til Moses og Aron: 21«Skil dykk ut frå denne flokken, så skal eg tyna dei på ein augneblink!» 22Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Gud, du Gud som rår over livsanden i alle menneske, harmast du på heile lyden fordi ein mann syndar?»#27,16; 2 Sam 24,17; Job 12,10
23Herren sa til Moses: 24«Tal til Israels-lyden og sei: Hald dykk borte frå bustaden åt Korah, Datan og Abiram!» 25Då reiste Moses seg og gjekk bort til Datan og Abiram, og Israels eldste fylgde han. 26Og han tala til lyden og sa: «Gå bort frå telta åt desse gudlause mennene, og kom ikkje nær noko som høyrer dei til. Elles vert de òg rivne bort på grunn av alle syndene deira.»#2 Kor 6,17; Op 18,4
27Då gjekk folket bort frå bustaden åt Korah, Datan og Abiram. Datan og Abiram var komne ut og stod framfor teltdøra saman med konene og borna sine, både store og små. 28Moses sa: «Dette skal de ha til teikn på at det er Herren som har sendt meg for å gjera alle desse gjerningane, og at eg ikkje gjer dei av meg sjølv. 29Dersom desse døyr på same vis som anna folk og får den same lagnad som andre menneske, då er det ikkje Herren som har sendt meg. 30Men dersom Herren gjer noko nytt og uhøyrt, dersom jorda opnar gapet sitt og gløyper dei og alt folket deira, så dei fer levande ned til dødsriket, då skal de vita at desse mennene har vanvørdt Herren.»
31Ikkje før hadde Moses sagt dette, så rivna grunnen under dei. 32Jorda opna gapet sitt og gløypte både dei og bustaden deira, alle som heldt med Korah, og alt det dei åtte. 33Dei og alle som høyrde dei til, fór levande ned til dødsriket, og jorda gøymde dei. Såleis vart dei utrudde or Israels-lyden. #26,10; 5 Mos 11,6; Sal 63,10; 106,17; Jud 11 34Alle israelittane som stod ikring dei, rømde då dei høyrde korleis dei skreik. «Jorda kunne då gløypa oss òg,» sa dei. 35Så fór det eld ut frå Herren og brende opp dei to hundre og femti mennene som hadde bore fram røykjelsen.#3 Mos 10,1f; 4 Mos 11,1
36Då tala Herren til Moses og sa: 37Sei til presten Elasar, son åt Aron, at han skal ta glopannene bort frå brannstaden, for dei har vorte heilage, og strøya glørne vidt utover. 38Av glopannene åt desse mennene som laut døy fordi dei hadde synda, skal du laga tynne, hamra plater til å kle altaret med. Dei er heilage fordi mennene bar dei fram for Herren. Dei skal vera eit teikn til åtvaring for israelittane.
39Presten Elasar tok bronsepannene som dei hadde bore fram røykjelse i, dei mennene som brann opp, og han hamra dei ut så ein kunne kle altaret med dei. 40Dette skulle minna israelittane om at ingen framand, ingen som ikkje er av Arons ætt, måtte brenna røykjelse for Herren. Elles ville det gå han som det gjekk Korah og flokken hans, som Herren hadde sagt han gjennom Moses.#1,51; 3,10
Aron gjer soning for synda åt folket
41Dagen etter tok heile Israels-lyden til å murra mot Moses og Aron. «Det er de som har drepe Herrens folk,» sa dei. 42Som no folket slo seg saman mot Moses og Aron, vende dei seg begge mot møteteltet. Og sjå, skya låg over teltet, og Herrens herlegdom synte seg. 43Då gjekk Moses og Aron fram for møteteltet.
44Herren tala til Moses og sa: 45«Gå bort frå denne flokken, så skal eg tyna dei på ein augneblink.» Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda. 46Og Moses sa til Aron: «Ta glopanna, legg glør frå altaret i henne og ha røykjelse oppå! Skunda deg så bort til lyden og gjer soning for dei! For ein vreidedom er komen frå Herren. Det har brote ut pest.»
47Aron gjorde som Moses hadde sagt. Han tok glopanna og sprang midt inn i flokken. Og sjå, då hadde pesten alt teke til å herja mellom folket. Så la han røykjelsen på glørne og gjorde soning for folket. 48Medan han stod der mellom døde og levande, stansa pesten. 49Men det var fjorten tusen sju hundre som døydde i den pesten, forutan dei som miste livet for Korahs skuld. 50Då pesten hadde gjeve seg, gjekk Aron attende til Moses, til møteteltdøra.
Currently Selected:
4. Mosebok 16: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2