YouVersion Logo
Search Icon

3. Mosebok 27

27
Innløysing av heilage gåver
1Herren tala til Moses og sa: 2Sei til israelittane: Når nokon gjev ein høgtideleg lovnad om å via eit menneske til Herren, skal løysingssummen fastsetjast såleis: 3Ein mann som er mellom tjue og seksti år, skal verdsetjast til femti sekel sølv etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. 4Ei kvinne skal verdsetjast til tretti sekel. 5Eit menneske som er mellom fem og tjue år, skal verdsetjast til tjue sekel dersom det er ein gut, og til ti dersom det er ei jente. 6Er det eit barn mellom ein månad og fem år, skal verdien på ein gut vera fem sekel sølv og på ei jente tre sekel sølv. 7Dei som er seksti år eller meir, skal verdsetjast til femten sekel dersom det er menn, og til ti sekel dersom det er kvinner. 8Er nokon så fattig at han ikkje kan betala desse pengane, skal dei koma til presten med han, og presten skal setja verdien etter det han har råd til, han som gav lovnaden.
9Gjeld lovnaden slike dyr som kan ofrast til Herren, skal alt det ein gjev av dei, vera heilagt. 10Ein må ikkje byta det eller gje eit anna dyr i staden, korkje eit godt for eit ringt eller eit ringt for eit godt. Byter ein likevel eit dyr i eit anna, skal dei begge reknast for heilage. 11Gjeld lovnaden eit ureint dyr, eit av dei som ikkje kan ofrast til Herren, skal det leiast fram for presten. 12Og presten skal verdsetja det etter som det er, godt eller ringt. Den verdien som presten fastset, skal det ha. 13Vil eigaren løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien.
14Når nokon vier huset sitt til Herren, skal presten verdsetja det etter som det er, godt eller ringt. Den verdien som presten fastset, skal stå ved lag. 15Vil den som har vigt huset sitt, løysa det inn, skal han betala ein femtedel meir enn det er verdsett til. Då vert det hans.
16Når nokon vier eit stykke av odelsjorda si til Herren, rettar verdien seg etter mengda av såkorn: til ein homer bygg svarar femti sekel sølv. 17Vier han jorda heilt frå frigjevingsåret, skal den fastsette verdien gjelda fullt ut. 18Men er det etter frigjevingsåret han vier jorda, skal presten rekna ut verdien etter dei åra som er att til komande frigjevingsår, og prisen skal setjast tilsvarande ned. 19Vil den som har vigt eit stykke jord, løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien. Då er det hans for godt. 20Men løyser han ikkje jordstykket, eller sel han det til ein annan, kan det ikkje løysast meir. 21Når det vert fritt i frigjevingsåret, skal det vera vigt til Herren, liksom bannlyst jord. Presten skal få det i eige.#27,28ff
22Når nokon kjøper eit jordstykke som ikkje har høyrt odelsjorda hans til, og vier det til Herren, 23skal presten rekna ut verdien etter den tida som er att til komande frigjevingsår, og mannen skal betala pengane same dagen. Dei skal vera vigde til Herren. 24I frigjevingsåret fell jorda tilbake til seljaren, han som har odelsretten. 25All verdsetjing skal vera i den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera.
26Det som er fyrstefødt i buskapen, må ingen via. Fordi det er fyrstefødt, høyrer det Herren til. Anten det er storfe eller småfe, høyrer det Herren til. #2 Mos 13,2f 27Er det ureine dyr, skal ein løysa dei inn etter verdien og leggja til ein femtedel. Vert dei ikkje innløyste, skal dei seljast for verdien. 28Når ein mann vier noko av alt det han eig, til Herren som bannlyst gods, anten det er folk eller fe eller odelsjord, då må det ikkje seljast og ikkje løysast. Alt bannlyst er høgheilagt og høyrer Herren til. #5 Mos 3,6; 7,2; Jos 6,18; Mi 4,13 29Eit menneske som er bannlyst, kan ikkje løysast. Det skal drepast.#1 Sam 15,3.9f
30All tiend i landet, både av grøda på marka og av frukta på trea, høyrer Herren til. Ho er vigd til Herren. #4 Mos 18,21; 5 Mos 14,22 31Vil ein mann løysa inn noko av tienda, skal han leggja til ein femtedel. 32All tiend av storfe og småfe, av alt som går under gjætarstav, kvart tiande dyr, skal vera vigt til Herren. 33Ein skal ikkje sjå etter om det er godt eller ringt, og ikkje byta det. Vert det bytt i eit anna, skal begge dyra vera heilage, og dei kan ikkje løysast.
34Dette er dei bod som Herren gav Moses på Sinai-fjellet og baud han kunngjera for israelittane.

Currently Selected:

3. Mosebok 27: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy