YouVersion Logo
Search Icon

Klagesongane 5

5
Vi må bera straffa
1Kom i hug, Herre, ¬det som har hendt oss,
sjå hit og legg merke til ¬kor vi vert spotta!
2Vårt land er kome i hendene ¬på framande,
utlendingar har fått våre hus. #Jer 6,12
3Foreldrelause er vi vortne,
vi har ingen far;
mødrene våre er som enkjer.
4Vi må kjøpa det vatnet ¬vi drikk,
og betala den veden vi brukar.
5Våre forfylgjarar ¬har vi på nakken,
vi er trøytte og får ikkje kvila.
6Vi rette ut handa til Egypt ¬og til Assur,
så vi kunne mettast med brød. #Jer 2,18
7Våre fedrar synda; dei er borte,
men vi ber straffa ¬for deira skuld. #2 Mos 20,5; Jer 2,5; 7,25ff; 16,10ff
8Trælar er våre herrar,
og ingen riv oss ut ¬or deira hand. #5,8 Trælar nedsetjande ord om embetsmennene åt babylonarkongen, dei som kua folket i Juda.
9Vi hentar vårt brød ¬med fare for livet,
sverdet trugar i øydemarka.
10Vår hud er heit som ein omn,
for svolten gneg i kroppen.
11Dei krenkte kvinner i Sion
og unge jenter i byane i Juda.
12Dei tok og hengde stormenn
og hadde ingen vørdnad ¬for dei eldste. #5 Mos 28,50; Klag 4,16
13Unge menn ¬laut slita med kverna,
og gutar seig under vedbøra.
14Dei gamle ¬sit ikkje lenger i porten,
det er slutt ¬med ungdomens ¬strengespel.
15Vi er ikkje lenger glade,
dansen er omsnudd til sorg.
16Kransen er fallen ¬av vårt hovud.
Ve oss, vi har synda! #Job 19,9; Jer 13,18; Esek 21,26
17Difor er hjarta vårt sjukt,
augo våre har mist sin glans.
18For Sion-fjellet ligg audt,
der renner no revar ikring. #Jer 9,11
19Men du, Herre, ¬tronar til evig tid,
din kongsstol står ¬frå ætt til ætt. #Sal 9,8; 146,10
20Kvifor vil du gløyma oss ¬for alltid,
gå frå oss for lange tider? #Sal 13,2
21Herre, før oss atter til deg,
så vi kan koma att.
Lat våre dagar verta som før! #Job 29,2; Jer 31,18
22Eller har du vraka oss heilt
og vorte brennande harm ¬på oss?

Currently Selected:

Klagesongane 5: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy